onsdag 30. mai 2012

AVLYST: Likevel torsdagspadling

Rett nok har me UNG-padling samstundes, men med fleire aktive aktivitetsleiarar i klubben, klarar Havstril å multitaska. Dermed vert det vanleg torsdagspadling frå Sveholmen torsdag 31. mai kl 19.

tirsdag 29. mai 2012

Koseleg cruising

Sjeldan det er såpass mykje solblikk som torsdag i førre veke. Me kunne lett ha padla langt til havs, men sa oss nøgde etter å ha padla bort til Breibogen og Hamnene på nordsida av Storekalsøy. Seinare i sommar må me prøva oss på ein Storekalsøy rundt-seanse når vêret tillet det.

Denne veka vert det ikkje ordinær torsdagspadling, men i staden reindyrka UNG-padling på torsdagen.

Det skal ikkje utelukkast at det likevel vert ein seniorpadling, sidan klubben sist helg fekk seg to nye godkjende aktivitetsleiarar i Rune Hevrøy og Renate M. Klepsvik.

tirsdag 22. mai 2012

Torsdagspadling med Eivind

Ordinær fellespadling frå holmen vår, leia av Eivind Møgster. Send SMS på 932 19 866 om du vil vera med...

tirsdag 15. mai 2012

Ingen torsdagspadling + reservert utstyr i helga

Grunna nasjonaldagen torsdag, går torsdagspadling ut denne veka. Havstril arrangerer i tillegg Grunnkurs UNG i helga: Laurdag 19. og sundag 20. er det alle meste av utstyr er reservert til dette.

Folk som vil padla kan ta turen etter klokka 11 og nytta det som eventuelt ikkje vert teke ut til kurs.

Tørrdrakter på plass

Havstril sine nye tørrdrakter på plass. Storleik tilpassa ungdommen. Deltakarane på kurset i helga får testa dei nye draktene på heile kurset.


Havstril satsar på ungdommen!

Takk til Anita hos Kajakkentusiastene, som gav oss prima pris på draktene.

tirsdag 8. mai 2012

Klubbpadling torsdag

Oppmøte Sveholmen klokka 19:00. Treng du tørrdrakt, som må nyttast på denne årstida, er det enno ledige. Gje ein SMS 988 74 253 viss du blir med.

fredag 4. mai 2012

Koseleg vårtur

Rett nok kom det ei vindbyge med ein kald regndusj.  Likevel var det ei lite handfull havstrilar som koste seg med teknikktrening i Søre Navvågen torsdagen. Og den lokale fangstmannen Eivind fann nok ein godbit under vasskorpa, som promote fekk pryda fordekket på kajakken.

onsdag 2. mai 2012

Torsdagspadling

Torsdagspadling, frå Sveholmen torsdag 3. mai, klokka 19. Me har ei tørrdrakt til låns for dei som ikkje har slikt sjølv. SMS 988 74 253 dersom du vil låna ei slik ;-)