torsdag 21. juli 2011
Fitjarturen avlyst
Det vart for lita interesse for turen til Fitjar, som dermed vart kansellert. Me kjem likevel truleg attende med mellom anna dagstur ei helg + overnattingstur i august. Wrach this space, som dei seier over there!
mandag 18. juli 2011
Treng fleire påmelde til Fitjarøyane
Overnattingstur til helgja? Kjentmann Eivind Møgster melder at han treng fleire deltakarar til turen til Fitjarøyane med innlagt overnatting. Ring Eivind (ikkje send melding til dette nummeret) 932 19 866 innan onsdag viss du vil vera med.
onsdag 13. juli 2011
bilete av nyebåten
Her kjem eit nyebåten til Havstril, som får namnet "Furen II". Han er kjøpt frå Yst Ute. Me takkar Lidun Hareide for transporten, og gler oss til å prøva han.
mandag 11. juli 2011
Endå ein ny kajakk i flåten
Me skiftar ut tre plastkajakkar i Havstril-flåten, med ein ny Arrow Play frå Yst Ute. Kajakken kjem på plass i naustet i løpet av veka - mest truleg.
Vår kajakk får fargane som den øvst på bilete. Meir info kjem i løpet av veka.
Kajakkane me kvittar oss med er Boreal Design Inukshuk, Boreal Design Sedna og Current Design Sirocco - alle blant dei aller minst brukte i flåten vår.
Vår kajakk får fargane som den øvst på bilete. Meir info kjem i løpet av veka.
Kajakkane me kvittar oss med er Boreal Design Inukshuk, Boreal Design Sedna og Current Design Sirocco - alle blant dei aller minst brukte i flåten vår.
søndag 10. juli 2011
Overnattingstur til Fitjarøyane
Melding frå Eivind Møgster: Tanken min var å organisera ein liten tur no i sommar, slik at vi overnattet i telt på turen. Turen er tenkt til Fitjarøyene, der det er heilt nydeleg (me tek ferja over, og setter ut i frå Fitjar sentrum). Har og funn nokre perler her i Austevoll som kan vera aktuelle.
Tanken var å leggja turen i helgen rundt den 23 juli. Om nokon har lyst å bli med på turen så send meg ei meldinge eller ring på mobil 93219866. Og sjølvsagt berre spør om det er noko du lurer på. Om me blir en fin liten gjeng så kjører vi igang turen.
Eivind Møgster som liker seg så godt i Fitjarøyene.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
