onsdag 16. februar 2011

Endeleg på papir!

Godsak frå trykkeriet i dag. Då kjem trykksaken og medlemskontigent i posten i løpet av den neste veka!

torsdag 10. februar 2011

Bli med på den fyrste Aldabra-ekspedisjonen i kajakk

















Atollet Aldabra i Indiahavet er eit av verdas naturunderverk, og er eit strengt regulert natureservat. Havstrils Eivind Møgster er ein av dei som kal vera med og padla den fyrste ekspedisjonen i kajakk dit, nokon sinne. No er Eivind, Lidun Hareide og kompani på jakt etter fleire deltakarar på den banebrytande ekspedisjonen - kanskje vert dette det einaste høvet i vår levetid. Eivind skriv dette om ekspedisjonen:

"Me skal padla NDK-kajakker i kule farger, med delfinar, skilpadder - og ja til og med sjøkuer skal - me duppa åreblanda rundt og bada med. Det er kjent som ein av verdas flottaste dykkedestinasjonar, så vidare oppramsing av det marine dyrlivet der, er kanskje ikkje naudsynt. Dyrelivet og plantelivet på landsiden er like unikt som det under havoverflata.  At det er verdas største korallatoll fortel at landskapet er noko heilt i særklasse."

Ekspedisjonen startar fra Seychellene den 5. august 2011, med fly ut til Aldabra og ekspedisjonsbåten me skal bu på når meer der ute. Retur til Seychellene den 12. august med fly. Det er plass til ti kajakkerar, så det gjeld å handla raskt om du vil ha plass.
Me legg turen vår opp med nokre dagars stopp på Seychellene både før og etter Aldabra. Nyta livet der på eit par øyar, og berre gleda oss over livet som me gjorde sist me var der.

Planen vår er at me skal prøva og samla sammen ein vairert og fin gjeng fra heile Noreg. Meir info. Send ein mail til Eivind Møgster, då vel.

mandag 7. februar 2011

Familiekontigent vedteke

Årsmøtet i Havstril padleklubb vedtok torsdag å innføra familiekontigent. Han vert på marginale 800 NOK, og vil dekka foreldre og barn med bustadsadresse under same tak, inntil fylte 20 år.

Me reviderte òg HMS-reglementet på eit punkt retta mot aktivitetsleiarar og risikoanalyse. Dei som ynskjer tilsendt kopi av saksdokumenta med velegg, kan retta seg til klubbens leiar.

Kvelden vart avslutta med føredrag av Lidun Hareide (foto) med fokus på turar til Seychellene og Lofoten.

Det vanka blomar til Lidun for føredraget, og til avtroppande nestleiar og representant til Austevoll idrettsråd, Inger Uglenes. Ein takksam tanke vart sendt til Rune Hugøy, som takka av etter fem år som styrerepresentant, men ikkje kunne vera til stades fordi sildefisket krevde sitt.

Guiden er i trykken


Miniguiden "Padleturar i Austevoll" er sendt i trykken. Me får 1 000 eksemplar. Medlemmane får tilsendt i posten saman med medlemsskapsgiro, resten vert distribuert via turistkontoret, Offentleg servicekontor og Bekkjarvik gjestgiveri.

torsdag 3. februar 2011

Nytt styre på plass

Stikkord frå årsmøtet:

Nytt havstrilstyre 2011: Leiar: Trond Hagenes. Nestleiar: Eivind Møgster. Medlemmar: Camilla Solbakken og Ingunn Berge Vik. Varamedlemmar: Rune Hugøy og Inger Uglenes.

Ingunn Berge Vik vert havstrilrepresentant til Austevoll idrettsråd.

Det var åtte stemmeberettinga Havstril-medlemmar på årsmøtet, ein gjest og føredragshaldar Lidun Hareide og hennar unge assistent på fire år. Me oppdaterer med meir info på måndag.