fredag 30. mars 2012

Onsdagspadling 4. april

Me forsøkjer oss med litt førpåskehygge i kajakken på noko så sjeldan som ein onsdag. Grunnen er fine vermeldingar denne dagen, men dårleg på skjertorsdagen. Så då så. Oppmøte på Sveholmen litt før klokka 18. Dei som vil låna tørrdrakt må gje melding på 988 74 253. Me har særs avgrensa med drakter p.t.

Ved interesse kan me leggja inn ein liten grillstogg under vegs :-)

mandag 26. mars 2012

Me dreg ikkje i gang torsdagspadlinga

AVLYST: Med sommartidsjusterte ur, er det dags for å ta tatt årene og kasta seg i kajakken att. Me satsar på padling frå Sveholmen fyrstkomande torsdag klokka 18:30. Deltakarar må nytta tørrdrakt. Klubben har eit fåtall drakter tilgjengeleg. Kontakt Trond for lån (SMS 988 74 253). Fyrst-til-mølla-prinsippet gjeld.

fredag 16. mars 2012

Årsmøtet: Nytt styre på plass og lærerikt om skilting

Det vart aldri dei store sverdslaga på årsmøtet i Havstril padleklubb. Rekneskap, budsjett og andre formalitetar gjekk greitt. Nytt styre i 2012 vert som fylgjer: Trond Hagenes (leiar), Eivind Møgster (nestleiar), Ingunn Berge Vik (medlem og utsending til Austevoll idrettsråd) og Geir Bergflødt (medlem). Varamedlemmar er Inger Uglenes og Rune Hervøy - sistnemde etter benkeforslag.

Det var relativt lågt oppmøte, med berre seks stemmeføre, men me fekk mykje ut av møtet, mellom anna for dei Kyrre Flotve informerte breitt om standardisering av turløyper for kajakksporten og infotavler for desse løypene. Havstril vonar at minst ei slik padletavle kjem opp i Austevoll i løpet av 2012.

Kyrre heldt òg eit flott føredrag om padleturar på sørpissen av Grønland, der irrgrønt gras, flått hav og ditto himmel er heilt kvardagsleg. Kyrre sitt vesle reisebyrå arrangerer turar til det som i si tid var Eirik Raude sitt rike. Mange flotte bilete av storslått natur.

– Sør-Grønland er som Fjord-Noreg på steroidar, sa Kyrre til dei dryge handfulla havstrilar.

mandag 12. mars 2012

Innstilling til nytt styre


Her  fylgjer valkomitéen si innstilling til nytt styre i Havstril padleklubb:

Valkomitéen si innstilling
Årsmøte Havstril padleklubb

Leiar: Trond Hagenes
Nestleiar: Eivind Møgster

Styremedlemmar:
Styremedlem: Ingunn Berge Vik
Nytt styremedlem: Geir Bergflødt

Varamedlemmar:
Rune Hugøy
Inger Uglenes


For valkomiteen:


Rune Hevrøy
(sign)  11.03.2012

fredag 9. mars 2012

Padlefestivalen 2012

Padlevenane våre i God-tur inviterer i år som tidlegare år (då fyrst kjem som Njord og Havpadlesymposiet) til padlefestivalen, på idylliske Langøy. Vel verdt turen, eit vel av kurs- og workshoptilbod tilgjengeleg.