fredag 19. oktober 2012

5 000 frå Sparebanken Vest

Nok ein gong har padleklubben vårt blitt tilgodsett med støtte frå Sparebanken Vest. 5 000 kroner får me til støtte til arbeidet vårt, noko me set overmåte stor pris på.

søndag 23. september 2012

Tysdagstur

Denne veka satsar Hagenes på ein fin liten polltur på tysdag. Haukanespollen er flott i haustfargar, og ein får ei merkeleg innlandskjensle, trass i at ein padlar midt i Austevoll. Oppmøte er i småbåthamna halvvegs ned frå hovudvegen til Kolbeinshamn. Vera med? Send SMS til 988 74 253.

fredag 21. september 2012

Fin hausttur

Fem havstrilar på tur i går. Dramatisk himmel, havdønningar som marma mot skjer og holmar sør for Sveholmen: Kalsvika var full av dorske dønningar, medan me fek kost oss med litt kappadling nær Bahus, og drog kajakkane gjennom straumen ved Bakka, der Per fekk prøva ein heilt spesiel hovudskrud: Ein stor havsnegl med flott og stort skal. Det ver vel det som kallast kokelur, på barnespråk?

Vel heime i vika ved naustet vart det moderat med bading og leik - temperaturen er på veg nedover allereie i havet.

torsdag 20. september 2012

Taket fiksa på hovudbygget!

Takk til Helland bygg og betong AS, som har vore og fiksa taket på hovudbygget på Sveholmen - pro bono!

Slikt set me pris på!
Taket har vore lekk, noko som har ført til skadar på mellom anna delar av golvet på bygget ... 

søndag 16. september 2012

Leik og moro

Torsdag vert det leik og moro ved Sveholmen. Me set fokus på teknikk, og det vert høve til å øva på eskimorulla for dei som ynskjer det. Merk at dette ikkje er noko kurs, berre gøy med kajakken - meirsmak for medlemmane fører sjølvsagt til at me set opp teknikkurs til våren ;-)

Vera med? Send SMS til 988 74 253, eller meld deg på via Facebook-eventen vår.