onsdag 22. august 2012

Padling torsdag

Torsdag 23. august er det padling frå Beinskrokjen kl 18:15 - meld frå på SMS på 988 74 253 om du vil vera med (eller bruk Facebook-gruppa vår). Turen går truleg rundt Drøno og vida Råtapollen rundt Rostøy og attende i Drønsstraumane. Ein flott tur med brukbare vêrmeldingar :-)

mandag 20. august 2012

Aktiv Havstril-veke

Sist veke var det ikkje berre introkurs og torsdagspadling, men ungsommane våre fekk òg prøvt seg på straumpadling under kyndig rettleiing av Eivind Møgster og Renate Møgster Klepsvik.

(Foto: Moro ved Straumsøy. "Føyna" snik seg forbi når ungdommane har seg ein velfortent pust i bakken).

fredag 17. august 2012

Geocaching på padlevenlege stadar

Havstril padleklubb er i ferd med å leggja ut ei rekkje geocachar på fine padledestinasjonar i Austevoll. Så langt har me lagt ut små skattar med eigne GPS-koordinatar som du kan finna på geocaching.com: Kumleøya, Hengjo og Straumsøy. Fleire kjem på plass snart (her ser du behaldaren til Sveholmen, som sikkert vert på plass i løpet av veka).

Meir om geocaching kan du lesa her.

onsdag 15. august 2012

Torsdagspadling frå Sveholmen

Torsdag 16. august kl 18:00 - send SMS til aktivitetsleiar Rune Hevrøy tlfnr 908 57 425 om du vil vera med (eller meld deg på via Facebook-sida vår).

Finvêr og introkurs

Kjekt introkurs i går tysdag med åtte deltakarar, samtlege nye havstrilar. Flott vêr og ein flink gjeng - kurset vart kruna med ein kort tur rundt Spissøy.