torsdag 23. februar 2012

Årsmelding 2011


Då me har tekniske problemar med å oppdatera heimesida vår, kjører me årsmeldinga i dette formatet inntil vidare:

Havstril padleklubb sitt styre bestod i 2011 av Trond Hagenes (leiar), Eivind Møgster (nestleiar), Ingunn Berge Vik (medlem, repr til Austevoll idrettsråd) og Camilla Solbakken (medlem). Det vart avheldt to styremøte, og elles var det brei kontakt innad i styret ved til dømes investeringar som krevde styregodkjenning, utarbeiding av ungdomssatsing, med meir.

Padleklubben opplevde i 2011 monaleg vekst i talet på medlemmar. Me passerte midtsommars den magiske grensa på 100 betalande medlemmar i eitt og same kalenderår. Ved utgangen av året var medlemstalet på 117 betalande medlemmar, derav var 31 ungdomsmedlemmar (aldersgruppa 12-19). Dette var ei auke på 18,18 prosent frå året i førevegen frå året i førevegen for alle medlemmar. På ungdomssida vart medlemsmassen fleirdobla. Bak tala for seniorane skjular det seg eit relativt stort fråfall av medlemmar, som vart meir eller mindre balansert med nytt tilsig. De facto skjedde då heile medlemsveksten innanfor ungdomssegmentet.

Ungdomssatsing
Ungdommen har vore blant Havstril sine satsingsområde i 2011. Skulane i kommunen fekk tilbod om å besøkja Sveholmen, og me hadde to sjuandeklassar frå Storebø skule på vitjing ein fin juniføremiddag. Sjetteklasse frå same skule skulle òg ha kome og fått kjent på kajakkane, men diverre regna denne dagen fullstendig bort, så opplegget vart kansellert.

I samarbeid med Norges padleforbund har Havstril i 2011 arrangert to NPF grunnkurs Ung og eitt NPF teknikkurs UNG. Alle kursa vart godt oppfylte, jamvel tenikkurset i november, trass i kaldt vêr og sjukdom som førte til to fråfall. Det er Lidun Hareide, NPF rettleiar, som har vore ansvarleg på vatnet i desse kursa, assistert av Havstrils eigen Eivind Møgster. Teknikkurset vart assistert av Anita Henriksen, NPF rettleiar. Havstril har teke seg av den organisatoriske biten. Klubben har fått skryt for opplegget frå NPFs ungdomsansvarlege Thomas Pindard.

Torsdagspadling og andre aktivitetar
Hovudaktiviteten i 2011 har likevel vore dei tradisjonelle torsdagspadlingane. Talet på deltakarar har varier frå to til 13, men som oftast har talet vore mellom fire og seks. Majoriteten av turane har gått frå Sveholmen, men me har òg padla ut frå stadar som til dømes Kvalvåg, Bekkjarvik, Vestre Vinnesvåg og Kjempefaret.

Det er framleis relativt stor interesse for innføring i havpadling, og klubben klarte av ulike årsaker ikkje å tilfredsstilla etterspurnaden på seinsommaren/hausten. Såleis vart det ein liten nedgang i denne aktiviteten frå tidlegare år, dersom ein der bort frå ungdomskursa.

Me arrangerte elles eit NPF teknikkurs med Morten Nyborg og eit straumpadlekurs i Heimarkpollen ved Lidun Hareide. Teknikkurset var ein del i strategi for å utdanna fleire aktivitetsleiarar.

Innkjøp
På materiellsida har den særs gode økonomiske situasjonen gjort det mogleg å investera i meir utstyr enn det me i utgangspunktet la opp til. I tillegg til ekstra ungdomsutstyr i form av padlevestar, spruttrekk, hanskar og årer har me berika flåten med to prima, nye kajakkar: Ein NDK Romany og ein Arrow Play. Me fekk òg råd til å kjøpa oss ein etterlengta tilhengjar, slik at me har mobilitet med tanke på kurs, turar og eventuelle demoar, til dømes på skular.

Dette er mogleggjort gjennom økonomisk støtte frå Austevoll kommune (20 000 i kulturmidlar), Austevoll kraftlag (10 000), K. Halstensen AS (7 500), Lions' Club Austevoll (5 000), Økonor (2 000) og Rolls-Royce Marine (1 500). Me takar hjarteleg for den uvurderlege støtta.

I samband med deltalking på fritidsmessa i Austevollhallen, investerte me òg i opptrykk av piquéskjorter, roll-up med klubbinfo, logo og foto. Deltakinga på messa, gav ein indikator for på at interesse for padlesporten i alle høve ikkje er på veg nedover.

Me trykte i 2011 òg opp brosjyra Padleturar i Austevoll. Denne fekk me gode attendemeldingar på, og jamvel toppoppslag på heimesida til magasinet Padling. Infoheftet er mogleg å lasta ned frå klubbens heimeside.

Nettsida vår er vorte integrert med verdsvevsida i 2011. Det gjev heimesida større aktualitet og det er berre ein adresse å halda seg til. I tillegg har me ei interaktiv Facebook-side som me har brukt veldig aktivt siste året, trass i at langt frå alle medlemmane er registerte her.

Sveholmen
I samarbeid med Austevoll undervannsjegre heldt me i 2011 fram arbeidet med klubbhuset på Sveholmen. Mellom anna vart det sett inn ny dør, flisa og fuga golv. Noko arbeid står framleis att på anlegget, men det nærmar seg ferdigstilling.

Valkomitéen er Renathe Møgster Klepsvik 915 24 239 og Rune Hevrøy 908 57 425


Havstrilstyret, februar 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar