torsdag 16. juni 2011

Sjuandeklasse besøkte Sveholmen


Sjuandeklassingane ved Storebø skule fekk kost seg i kajakk ved Sveholmen i dag. Me hadde så og seia heile flåten på vatnet, og klassen på 20, delte seg i to. Halvdelen fekk verta i kajakken, medan resten utforska laguna ute på holmen. Etterpå bytta gruppene, og fekk til og med tid til ein liten matbit.

onsdag 15. juni 2011

Sveholmen, torsdag kl 19

Det vert padling torsdag kl 19 frå Sveholmen. Møt opp! Spørsmål kan rettast til Trond 988 74 253.

fredag 10. juni 2011

Fellestinging frå Wales

Ny tørrdrakt, vest eller årer? Anna utsyr? Me dreg i gang ein fellestinging frå Up and Underi Cardiff, Wales. Sjekk ut denne sida for Palm-utstyr, og gje attendemelding til havstril@gmail.com innan fredag 17. juni viss du vil tinga noko utstyr. Prisane vil liggje på om lag 60 prosent av norsk nivå.

Werner si heimeside.

Nedetid sidan natt til tysdag

Havstril beklagar at nettsida vår har vore nede sidan natt til tysdag. Det er eit servarproblem som har vore årsaka til nedetida.

mandag 6. juni 2011

Straumpadlekurs med Lidun



Kjekt med straumkurs. Åtte kajakkar i Heimarkpollens strie straumar. Ny kompetanse med låge støttetak i stram boks, kanta dit straumen er på veg, og vips så vender baugen som på femøringen.

Me padla inn frå Rune Hugøy si bryggje, og då me kom fram, var det ikkje teikn til rørsle i hovdløpet ut frp Heimarkpollen. Difor padla me vidare til den vesle straumen på austsida av pollen, der det vart meir rørsle for kvar minutt. Til slutt kom det til og med statiske tidevassbylgjer i den vesle straumen, som kanskje var litt for liten til åtte kajakkar.

Slik var det derimot ikkje i den store straumen. Han var rett så heftig då me gjekk på land og studerte han. Her skulle me få nok å hengja padleårene i - i midten ved stanga, heldt han nok meir enn tre knop, medan det danna seg små bakevjer, straumvirvlar og såkalla soppar - straum der vatnet vert pressa rett opp - gjennom heile laupet.