mandag 7. februar 2011

Familiekontigent vedteke

Årsmøtet i Havstril padleklubb vedtok torsdag å innføra familiekontigent. Han vert på marginale 800 NOK, og vil dekka foreldre og barn med bustadsadresse under same tak, inntil fylte 20 år.

Me reviderte òg HMS-reglementet på eit punkt retta mot aktivitetsleiarar og risikoanalyse. Dei som ynskjer tilsendt kopi av saksdokumenta med velegg, kan retta seg til klubbens leiar.

Kvelden vart avslutta med føredrag av Lidun Hareide (foto) med fokus på turar til Seychellene og Lofoten.

Det vanka blomar til Lidun for føredraget, og til avtroppande nestleiar og representant til Austevoll idrettsråd, Inger Uglenes. Ein takksam tanke vart sendt til Rune Hugøy, som takka av etter fem år som styrerepresentant, men ikkje kunne vera til stades fordi sildefisket krevde sitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar