torsdag 7. april 2011

Vått og nokså kaldt

Haukanespollen er fascinerande sjølv i ausande regnvêr, konstaterte tre havstrilar som sette ut frå marinaen ved Kolbeinshamn torsdagskveld. Me tok turen via pollen ved Notaneset inn til Haukanespollen (me måtte bæra kajakkane under brua ved straumen, då det sikkert var åtte knops fart på han). Heilt i enden på pollen smakte leiaren på utmerkt ferst vatn som renn ned frå Loddo, for me sette kajakkane i kurs innover mot pollen ved Eido. Berre det smalaste og grunnaste av sund forbinder dei to pollane (to meter breiddt og 40 centimeter djupt).

På vegen attende til Kolbeinshamn mørkna det, og me fekk akkurat heve kajakkane på land før bekmørket senka seg over Huftarøy og Langenuen utanfor.

Neste torsdag vonar me på godt vêr og padling frå Sveholmen og stort oppmøte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar