lørdag 23. april 2011

Ypparleg torsdagstur

Rett nok kom me oss ikkje av garde før klokka 19, men med heilt flatt hav, sommarleg varme og godt selskap vart det ein rett så fortreffeleg fellespadling. Me har fire havstrilar og ein in spe, som padla med det faderlege opphavet sitt i hangarskipet "Eldjarnet".

Ut frå Jutholo, innom Bekkjarvik, der det freista å laga riper i ein stor cruiser som blokkerte innløpet til Bekkjarvik. Mykje pengar (eventuelt stort lån), men lite sjømannskap. Novel, me slo av eit par ord med godaste Øystein R., som òg fotograferte oss, før me stakk kajakkbaugane i retning Lunnøy. Fyrst gjennom Bekkjarviksundet, forbi Litla Lunnøy og vidare.

Årets fyrste tjeld vart observert. Den flotte vadefuglen med konstrat i fjørdrakta og knalloransje nebb er alltid ein like velkomen gjest på padleturane. Så kryssa me over til Lunnøy, og inn i hamna. Der vart det litt prat med nokre feriefolk som var travle med å setja opp ein kai, før me heldt fram. Dei flotte tronge sunda, med sandbotn på, anemonene som lever med straumen saman med tanga. Sjøfuglane som studerer padlarar og farkostar, før dei tek til vengjene, tilsynelatande i villfarelse om kva det er som nærmar seg. Alt er vel verdt å bli poetisk over.

Havørn fekk me òg med oss. Nokre måsar nappa hjenne i halefjøra ved Litla Lunnøy, rett før me steig i land og fyrte om eingangsgrillen. Karoline S. varta opp med bananer fylt med sjokolade, medan ulike pølser og brød vart konsumert på høgkant etter at grillmeister Rune H. på overnaturleg vis makta å halda dei nokolunde ubrente for dei hissige flammane. Me hadde det nemleg litt travelt fordi mørkret var i ferd med å seinka seg. Og så, etter hasteeting, påfyll av væske (takk Rune), steig me om bord i dei smekre farkostane våre og padla i retning Bekkjarvik, Innanfor Eikholmen denne gongen, og me hadde også godt med lys på kajakkane våre.

Ein retteleg højadare av ein tur.

Tekst: TrH/Foto: RuneH/TrH

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar