fredag 8. mars 2013

Årsmelding '12


Havstrilstyret bestod i 2012 av Trond Hagenes (leiar), Eivind Møgster (nestleiar), Ingunn Berge Vik (medlem) og Geir Bergflødt (medlem). Det vart avheldt eitt styremeøte, men var elles hypping kontakt innad i styret, spesielt med tanke på UNG-satsinga vår.

Ved årets utgang var det 116 betalande medlemmar, blant dei 25 i gruppa mellom 12 og 19 år. 49 av medlemmaner var jenter/kvinner, og derav finn me at 67 er gutar/menn. 2012 vart dermed det fyrste året i padleklubbens korte historie med nedgang i medlemstalet, noko som likevel vart kompensert med auka aktivitet på fleire felt.

Med tre aktive aktivitetsleiarar og ein aktiv turleiar i klubben, opna dette høvet for fleire organsierte tiltak på sjøen. I eit par veker betydde det både kurs, ungpadling og vanleg torsdagspadling.

Klubben gjennomførte ei monaleg auke i aktivitetar for ungdommen. På sommartid og utover til tidleg haust, var det relativt mange høve å vera med i kajakken. I tillegg hadde me ein dag med rullekurs i bassenget på Eidsbøen på seinsommaren. Det vart arrangert eitt grunnkurs UNG på tidleg sommarstid.

For dei vaksne vart det heldt fire introkurs, totalt tok 36 menneske desse kursa. Som året i førevegen nytta flesteparten høvet til å verta medlemmar for berre 100-lappen ekstra. I november kom padlelegenda Nigel Dennis til Austevoll, saman med Aila Wilkinson og Ashley Williams. Dette kurset var meint fyrst og fremst som eit kompetansefremjande tiltak for havstrilar som hadde gjennomført minst teknikkurs.

Klubbturane på torsdagane vart bra besøkte i 2012, med 14 padlande som rekord, då me gjekk ut frå Vasseidet seint på sommaren. Det vart mykje bra torsdagsvêr dette året, og særs få padlingar vart avlyste grunna vêrtilhøva.

På materiellsida vart det kjøpt inn ein ny kajakk, ein NDK Romany Surf. Elles prioriterte me
innkjøp av tørrdrakter for ungdommen, noko som er ein relativt kapitalintensiv affære. Me kjøpte inn ein nye padle-DVD, som du kan finna på folkebiblioteket. Havstril sponsar òg magasinet Padling til biblioteket.

Klubben mottok særs avgjerande økonomisk støtte frå Austevoll kommune, Austevoll kraftlag, Lions Club Austevoll og North Sea Shipping. I tillegg melde Møgster Management at dei vidarefører avtala med klubben, noko som gjev budsjettmessig utslag annakvart år.

Havstril har òg lagt ut ei rekkje geocachar på padlevenlege destinasjonar i Austevoll, blant dei sjølvsagt på Sveholmen. Sjekk ut geocaching.no for meir informasjon om denne flotte friluftsaktivieten.

Facebook er den fremste måten me kommuniserer med medlemmane våre, og det er garantert lurt å bli medlem i Havstril-gruppa der. Elles nyttar me heimesida www.havstrilpadleklubb.no for informasjon til medlemmane våre.

Valkomité for 2013 er Renate Møgster Klepsvik  og Rune Hevrøy

Havstrilstyret, februar 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar