torsdag 28. april 2011

Sveholmen kl 19 i kveld

For dei som ikkje er med i Facebook-grupa vår: Kveldens padling går frå Sveholmen klokka 19.

lørdag 23. april 2011

Ypparleg torsdagstur

Rett nok kom me oss ikkje av garde før klokka 19, men med heilt flatt hav, sommarleg varme og godt selskap vart det ein rett så fortreffeleg fellespadling. Me har fire havstrilar og ein in spe, som padla med det faderlege opphavet sitt i hangarskipet "Eldjarnet".

Ut frå Jutholo, innom Bekkjarvik, der det freista å laga riper i ein stor cruiser som blokkerte innløpet til Bekkjarvik. Mykje pengar (eventuelt stort lån), men lite sjømannskap. Novel, me slo av eit par ord med godaste Øystein R., som òg fotograferte oss, før me stakk kajakkbaugane i retning Lunnøy. Fyrst gjennom Bekkjarviksundet, forbi Litla Lunnøy og vidare.

Årets fyrste tjeld vart observert. Den flotte vadefuglen med konstrat i fjørdrakta og knalloransje nebb er alltid ein like velkomen gjest på padleturane. Så kryssa me over til Lunnøy, og inn i hamna. Der vart det litt prat med nokre feriefolk som var travle med å setja opp ein kai, før me heldt fram. Dei flotte tronge sunda, med sandbotn på, anemonene som lever med straumen saman med tanga. Sjøfuglane som studerer padlarar og farkostar, før dei tek til vengjene, tilsynelatande i villfarelse om kva det er som nærmar seg. Alt er vel verdt å bli poetisk over.

Havørn fekk me òg med oss. Nokre måsar nappa hjenne i halefjøra ved Litla Lunnøy, rett før me steig i land og fyrte om eingangsgrillen. Karoline S. varta opp med bananer fylt med sjokolade, medan ulike pølser og brød vart konsumert på høgkant etter at grillmeister Rune H. på overnaturleg vis makta å halda dei nokolunde ubrente for dei hissige flammane. Me hadde det nemleg litt travelt fordi mørkret var i ferd med å seinka seg. Og så, etter hasteeting, påfyll av væske (takk Rune), steig me om bord i dei smekre farkostane våre og padla i retning Bekkjarvik, Innanfor Eikholmen denne gongen, og me hadde også godt med lys på kajakkane våre.

Ein retteleg højadare av ein tur.

Tekst: TrH/Foto: RuneH/TrH

mandag 18. april 2011

Lunnøy med innlagt grillpause

Torsdag kl 18:30 ved Jutholo. Held vermeldinga seg, blir det tur rundt Lunnøy med innlagt grillpause på idylliske Litla Lunnøy. Ta med pølse, brød og noko å drikka (alternativt andre ting som funkar godt på eingangsgrill).

fredag 15. april 2011

JUBILEUMSTILBOD: Introkurs + medlemsskap i eitt

Kurssesongen er tidleg i gang. I år feirar padleklubben femårsdag, og i den samanhengen tilbyr me nye medlemmar introkurs + medlemsskap
ut året for
berre 700 kroner.

For meir info send SMS eller ring
988 74 253 eller send ein mail med førespurnad om kurs.

På fotoet er aktivietsleiarane Yngve og Camilla i gang med å vegleia padlespirer om trygg ferdsel på sjøen i kajakk og grunnleggjande teknikk.

Padleleir på Ulstein i pinse

Sjå lenken viss du er sugen på litt ekstra padling i pinsa. Herøy kajakklubb arrangerer leir i samarbeid med forbundet.
 

tirsdag 12. april 2011

AVLYST: Sveholmen, torsdag kl 19

AVLYST: Greitt med oppmøte ei viss tid før kl 19, så kjem me oss raskare på vatnet. Spørsmål rettast til Trond Hagenes 988 74 253. Ufyseleg utpå i dag.

torsdag 7. april 2011

Vått og nokså kaldt

Haukanespollen er fascinerande sjølv i ausande regnvêr, konstaterte tre havstrilar som sette ut frå marinaen ved Kolbeinshamn torsdagskveld. Me tok turen via pollen ved Notaneset inn til Haukanespollen (me måtte bæra kajakkane under brua ved straumen, då det sikkert var åtte knops fart på han). Heilt i enden på pollen smakte leiaren på utmerkt ferst vatn som renn ned frå Loddo, for me sette kajakkane i kurs innover mot pollen ved Eido. Berre det smalaste og grunnaste av sund forbinder dei to pollane (to meter breiddt og 40 centimeter djupt).

På vegen attende til Kolbeinshamn mørkna det, og me fekk akkurat heve kajakkane på land før bekmørket senka seg over Huftarøy og Langenuen utanfor.

Neste torsdag vonar me på godt vêr og padling frå Sveholmen og stort oppmøte.

onsdag 6. april 2011

Kolbeinshamn torsdag kl 18:30

Sterk vind frå vest, viss ein skal tru vêrmeldingane, gjer at me paldar litt i livda på austsida av Huftarøy. Oppmøte i vika rett før Kolbeinshamn klokka 18:30. Spørsmål kan rettast til Trond på mob 988 74 253.