torsdag 22. november 2012
Støtte frå North Sea Shipping
Også dei gode venane våre i North Sea Shipping har tilgodesett oss med ein pen pengesum. 4 000 kroner støttar dei oss med - me sender ein liten salutt når me padlar forbi naboane våre :-)
10.000 frå Lion's
Havstril padleklubb er tilbodesett med heile 10 000 kroner frå Lion's club i Austevoll. Me takkar storleg for støtta. Padleklubbleiaren var på forsommaren og hadde eit færedrag om ungdomsarbeidet vårt til Lion's-gjengen, som var ei positivt oppleving.
tirsdag 30. oktober 2012
Nigel Dennis kjem til Austevoll
Havstril er så heldige å få besøk av legendariske Nigel Dennis frå Wales. Mannen bak Sea Kayking UK/Nigel Dennis Kayaks er ein av Storbritannias fremste profilar innan kursmiljøet, og skal coacha nokre havstrilar og fitjarbuar i rockhopping den 8. november (allereie fullteikna kurs).
Til informasjon er tre av kajakkane i Havstril-flåten frå Nigel sin fabrikk i Wales.
Til informasjon er tre av kajakkane i Havstril-flåten frå Nigel sin fabrikk i Wales.
fredag 19. oktober 2012
5 000 frå Sparebanken Vest
Nok ein gong har padleklubben vårt blitt tilgodsett med støtte frå Sparebanken Vest. 5 000 kroner får me til støtte til arbeidet vårt, noko me set overmåte stor pris på.
søndag 23. september 2012
Tysdagstur
Denne veka satsar Hagenes på ein fin liten polltur på tysdag. Haukanespollen er flott i haustfargar, og ein får ei merkeleg innlandskjensle, trass i at ein padlar midt i Austevoll. Oppmøte er i småbåthamna halvvegs ned frå hovudvegen til Kolbeinshamn. Vera med? Send SMS til 988 74 253.
fredag 21. september 2012
Fin hausttur
Fem havstrilar på tur i går. Dramatisk himmel, havdønningar som marma mot skjer og holmar sør for Sveholmen: Kalsvika var full av dorske dønningar, medan me fek kost oss med litt kappadling nær Bahus, og drog kajakkane gjennom straumen ved Bakka, der Per fekk prøva ein heilt spesiel hovudskrud: Ein stor havsnegl med flott og stort skal. Det ver vel det som kallast kokelur, på barnespråk?
Vel heime i vika ved naustet vart det moderat med bading og leik - temperaturen er på veg nedover allereie i havet.
Vel heime i vika ved naustet vart det moderat med bading og leik - temperaturen er på veg nedover allereie i havet.
torsdag 20. september 2012
Taket fiksa på hovudbygget!
Takk til Helland bygg og betong AS, som har vore og fiksa taket på hovudbygget på Sveholmen - pro bono!
Slikt set me pris på!
Slikt set me pris på!
Taket har vore lekk, noko som har ført til skadar på mellom anna delar av golvet på bygget ...
søndag 16. september 2012
Leik og moro
Torsdag vert det leik og moro ved Sveholmen. Me set fokus på teknikk, og det vert høve til å øva på eskimorulla for dei som ynskjer det. Merk at dette ikkje er noko kurs, berre gøy med kajakken - meirsmak for medlemmane fører sjølvsagt til at me set opp teknikkurs til våren ;-)
Vera med? Send SMS til 988 74 253, eller meld deg på via Facebook-eventen vår.
Vera med? Send SMS til 988 74 253, eller meld deg på via Facebook-eventen vår.
Siste kurs
Årets siste kurs, med seks djerve deltakarar. Vêret var slett ikkje det beste ved Sveholmen, men det var likevel ei koseleg stund.
tirsdag 11. september 2012
Avlyst: Torsdagspadling
Sveholmen, oppmøte kl 17:45. Start klokka 18. Viktig at deltakarar enten melder seg på via FB-hendinga vår eller sender SMS til Rune Hevrøy mobnr 908 57 425.
onsdag 5. september 2012
Skårøyane
Torsdag padlar me Skårøyane. Oppstrart kl 18:30 frå Skår, Hundvåkøy. Dei som vil vera med må enten melda seg på per SMS til 988 74 253 eller via hendinga på tryneboka, tilgjengeleg for dei som er medlem i Havstril-gruppa der.
onsdag 22. august 2012
Padling torsdag
Torsdag 23. august er det padling frå Beinskrokjen kl 18:15 - meld frå på SMS på 988 74 253 om du vil vera med (eller bruk Facebook-gruppa vår). Turen går truleg rundt Drøno og vida Råtapollen rundt Rostøy og attende i Drønsstraumane. Ein flott tur med brukbare vêrmeldingar :-)
mandag 20. august 2012
Aktiv Havstril-veke
Sist veke var det ikkje berre introkurs og torsdagspadling, men ungsommane våre fekk òg prøvt seg på straumpadling under kyndig rettleiing av Eivind Møgster og Renate Møgster Klepsvik.
(Foto: Moro ved Straumsøy. "Føyna" snik seg forbi når ungdommane har seg ein velfortent pust i bakken).
(Foto: Moro ved Straumsøy. "Føyna" snik seg forbi når ungdommane har seg ein velfortent pust i bakken).
fredag 17. august 2012
Geocaching på padlevenlege stadar
Havstril padleklubb er i ferd med å leggja ut ei rekkje geocachar på fine padledestinasjonar i Austevoll. Så langt har me lagt ut små skattar med eigne GPS-koordinatar som du kan finna på geocaching.com: Kumleøya, Hengjo og Straumsøy. Fleire kjem på plass snart (her ser du behaldaren til Sveholmen, som sikkert vert på plass i løpet av veka).
Meir om geocaching kan du lesa her.
Meir om geocaching kan du lesa her.
onsdag 15. august 2012
Torsdagspadling frå Sveholmen
Torsdag 16. august kl 18:00 - send SMS til aktivitetsleiar Rune Hevrøy tlfnr 908 57 425 om du vil vera med (eller meld deg på via Facebook-sida vår).
Finvêr og introkurs
Kjekt introkurs i går tysdag med åtte deltakarar, samtlege nye havstrilar. Flott vêr og ein flink gjeng - kurset vart kruna med ein kort tur rundt Spissøy.
fredag 10. august 2012
Rekordmange på klubbtur
Ni havstrilar la ut frå Vasseidet i går, og midt ute mellom øyane søraust om Birkeland, trefte me på ein familie på fem som vart med på store delar av turen.
Ein kjekk liten tur, der me var innom Notaneset, strekte på beina på Kumleøya, før me sette kurset heimover att.
Bilete: På dette tidspunktet var to padlarar på veg heim att, utan at det sette nokon stoggar for humøret.
Ein kjekk liten tur, der me var innom Notaneset, strekte på beina på Kumleøya, før me sette kurset heimover att.
Bilete: På dette tidspunktet var to padlarar på veg heim att, utan at det sette nokon stoggar for humøret.
mandag 6. august 2012
Frå Vasseidet på torsdag
Me padlar kring dei flotte holmane og øyane på nord-austsida av Huftarøy på torsdag. Oppmøte kl 19 Vasseidet, 18:30 på Sveholmen for dei som treng hjelp med kajakken (meld i såfall frå om det på 988 74 253).
onsdag 1. august 2012
Ledige plassar introkurs
Har ledige plassar på introkurs tysdag 7. august kl 18:30 - tips gjerne vener og kjente. Påmelding til 988 74 253.
Ingen torsdagspadling
Midt i ferietida, så denne veka kjem det ikkje til å verta nokon torsdagspadling. Kjem sterkare attende ...
mandag 23. juli 2012
Torsdagspadling frå Vinnesvågen
Padling frå Vestre Vinnesvåg, bryggja til Ingunn Berge Vik, som ligg like ved vegen ned til Møllo. Denne veka har me ikkje bil med tilhengjarfeste tilgjengeleg, så dei som vil nytta klubbkajakk må henta sjølve.
Send SMS 988 74 253 eller meld deg på via Facebook-eventen vår ...
Send SMS 988 74 253 eller meld deg på via Facebook-eventen vår ...
onsdag 18. juli 2012
Fint på kurs
Introkurs med heile ti deltakarar denne veka. Godt og tidseffektivt kurs med flinke deltakarar. Vil du ha ei innføring i padlesportens gleder? Ta kontakt med Havstril på 988 74 253 eller info@havstrilpadleklubb.no.
tirsdag 17. juli 2012
Ungpadling torsdag
Denne veka er det ungpadling på torsdag, i tillegg til kurs tysdag. Det vert ikkje ordinær vaksenpadling denne veka.
Torsdag er difor klubbutstyr reservert frå klokka 18. Truleg er ikkje alt klubbutstyr i bruk, så det er mogleg å ta seg ein padletur for dei som ynskjer det etter klokka 19.
Torsdag er difor klubbutstyr reservert frå klokka 18. Truleg er ikkje alt klubbutstyr i bruk, så det er mogleg å ta seg ein padletur for dei som ynskjer det etter klokka 19.
søndag 15. juli 2012
Tysdag er alt utstyr reservert
Tysdag den 17. juli frå klokka 18:00 - 23:00 er alt havstrilutstyr reservert pga kurs.
tirsdag 10. juli 2012
Klubbpadling frå Sveholmen
Torsdag klokka 18. Bra vêrmeldingar. Send SMS til Rune Hevrøy (908 57 425) eller meld deg på via Facebook-gruppa vår.
fredag 6. juli 2012
Utstyr er reservert frå kl 12 til 15 i dag fredag
Me har mange ungdommar som skal vera med på UNGpadling i dag fredag, så alt utstyr er reservert frå kl 12 til 15.
mandag 2. juli 2012
Herder-lekkasje i naustet
Av alle ting som kan råka oss, ein boks med herder ser ut til å ha "eksplodert" inne i naustet. Ver merksam på dette viss du er innom seinare i veka. Søl på golvet er dekka av avispapir.
Lunnøy på turprogrammet
Me padlar frå Juthola ved Bekkjarvik denne torsdagen. Målet er dei truleg sjarmerande øyane og skjera kring Lunnøy, med sandbotn, tronge sund og ein og annan lat lyr som sig over tangskogen der under oss.
Me har både tilhengjer og lastekrybber i isoporstoff i naustet, så det er berre å ta seg ut og henta utstyr. Merk at dei ivrigaste padlesjelene òg har ledig kapasitet på sine biltak, så gje ein lyd om du vil vera med, så kan me finna ei ordning: SMS på 988 74 253.
Me har både tilhengjer og lastekrybber i isoporstoff i naustet, så det er berre å ta seg ut og henta utstyr. Merk at dei ivrigaste padlesjelene òg har ledig kapasitet på sine biltak, så gje ein lyd om du vil vera med, så kan me finna ei ordning: SMS på 988 74 253.
onsdag 27. juni 2012
Frå Sveholmen torsdag
Me padlar klokka 19 frå den vanlege staden. Meld frå på 988 74 253 om du vil vera med. Hadde opphaveleg planar om Vestre Vinnesvåg, men det vert for mykej logistikk denne veka.
fredag 22. juni 2012
Aktiv veke
Denne veka har Havstril arrangert både UNGpadling (bilete) og introkurs for åtte noko eldre medlemmar.
tirsdag 19. juni 2012
Klubbaktivitet veke 25
Denne veka satsar Havstril ikkje på ordinær torsdagspadling. I staden vert det UNG-padling torsdag 21. juni - sjå eiga lukka Facebookgruppe for meir info(Ungpadling i Austevoll). Me kjører òg introkurs tysdagen for nye medlemmar.
Alt klubbutstyr er reservert tysdag, medan det truleg vert noko ledig utstyr på torsdagen, for den som dukkar opp etter klokka 18 for å padla for seg sjølv.
Alt klubbutstyr er reservert tysdag, medan det truleg vert noko ledig utstyr på torsdagen, for den som dukkar opp etter klokka 18 for å padla for seg sjølv.
mandag 18. juni 2012
Utstyr reservert
Alt havstrilutstyr er reservert tysdag 19: juni frå klokka 18:00 og utover kvelden.
søndag 10. juni 2012
Klubbpadling TYSDAG
Skiftar dag på klubbpadlinga til tysdag, grunna torsdagens kommunestyremøte. Send ein SMS om du blir med på 988 74 253. Hugs atdesse padlingane er kos og er rekna for alle dugleiksnivå. Og veret? Fint, sjølvsagt.
Lukka Facebook-gruppe for UNG-padling
Me har laga ei lukka Facebook-gruppe for ungpadlarar, foreldre og aktivitetsleiarar i Havstril. Søk på gruppa UNG padling i Austevoll, og søk om å få bli med.
fredag 8. juni 2012
torsdag 7. juni 2012
Ny UNG-padling
Sjekk FB for meir tekst om gårsdagens UNG-padling, der ein av dei unge tok over rolla som instruktør ;-)
tirsdag 5. juni 2012
Glimt frå UNG-padling
Mykje moro ved Kolbeinsvik førre torsdag, kan Eivind melda. Sjå på Facebook-gruppa vår om du vil lea meir (hyperlenken fungerer ikkje frå denne sida til FB) ...
Torsdagspadling frå Sveholmen
Me padlar ut frå holmen vår om lag klokka 19. Turen får i kjende farvatn. Meld frpå på sms 988 74 253 til Trond om du vil vera med (og ikkje allereie har meldt deg på via Facebook-sida vår).
mandag 4. juni 2012
Utstyr reservert
Onsdag 6. juni vert utstyr reservert til bruk på UNGpadling mellom klokka 18:00 og ca kl 20:30.
onsdag 30. mai 2012
AVLYST: Likevel torsdagspadling
Rett nok har me UNG-padling samstundes, men med fleire aktive aktivitetsleiarar i klubben, klarar Havstril å multitaska. Dermed vert det vanleg torsdagspadling frå Sveholmen torsdag 31. mai kl 19.
tirsdag 29. mai 2012
Koseleg cruising
Sjeldan det er såpass mykje solblikk som torsdag i førre veke. Me kunne lett ha padla langt til havs, men sa oss nøgde etter å ha padla bort til Breibogen og Hamnene på nordsida av Storekalsøy. Seinare i sommar må me prøva oss på ein Storekalsøy rundt-seanse når vêret tillet det.
Denne veka vert det ikkje ordinær torsdagspadling, men i staden reindyrka UNG-padling på torsdagen.
Det skal ikkje utelukkast at det likevel vert ein seniorpadling, sidan klubben sist helg fekk seg to nye godkjende aktivitetsleiarar i Rune Hevrøy og Renate M. Klepsvik.
Denne veka vert det ikkje ordinær torsdagspadling, men i staden reindyrka UNG-padling på torsdagen.
Det skal ikkje utelukkast at det likevel vert ein seniorpadling, sidan klubben sist helg fekk seg to nye godkjende aktivitetsleiarar i Rune Hevrøy og Renate M. Klepsvik.
tirsdag 22. mai 2012
Torsdagspadling med Eivind
Ordinær fellespadling frå holmen vår, leia av Eivind Møgster. Send SMS på 932 19 866 om du vil vera med...
tirsdag 15. mai 2012
Ingen torsdagspadling + reservert utstyr i helga
Grunna nasjonaldagen torsdag, går torsdagspadling ut denne veka. Havstril arrangerer i tillegg Grunnkurs UNG i helga: Laurdag 19. og sundag 20. er det alle meste av utstyr er reservert til dette.
Folk som vil padla kan ta turen etter klokka 11 og nytta det som eventuelt ikkje vert teke ut til kurs.
Folk som vil padla kan ta turen etter klokka 11 og nytta det som eventuelt ikkje vert teke ut til kurs.
Tørrdrakter på plass
Havstril sine nye tørrdrakter på plass. Storleik tilpassa ungdommen. Deltakarane på kurset i helga får testa dei nye draktene på heile kurset.
Havstril satsar på ungdommen!
Takk til Anita hos Kajakkentusiastene, som gav oss prima pris på draktene.
Havstril satsar på ungdommen!
Takk til Anita hos Kajakkentusiastene, som gav oss prima pris på draktene.
tirsdag 8. mai 2012
Klubbpadling torsdag
Oppmøte Sveholmen klokka 19:00. Treng du tørrdrakt, som må nyttast på denne årstida, er det enno ledige. Gje ein SMS 988 74 253 viss du blir med.
fredag 4. mai 2012
Koseleg vårtur
Rett nok kom det ei vindbyge med ein kald regndusj. Likevel var det ei lite handfull havstrilar som koste seg med teknikktrening i Søre Navvågen torsdagen. Og den lokale fangstmannen Eivind fann nok ein godbit under vasskorpa, som promote fekk pryda fordekket på kajakken.
onsdag 2. mai 2012
Torsdagspadling
Torsdagspadling, frå Sveholmen torsdag 3. mai, klokka 19. Me har ei tørrdrakt til låns for dei som ikkje har slikt sjølv. SMS 988 74 253 dersom du vil låna ei slik ;-)
fredag 27. april 2012
Fint i regnet
Underleg kor lite regn betyr når du sit i kajakken iført tørrdrakt. Harde kjerne (minus ei sjel eller to) på tur i går. Terpa styretak under kyndig rettleiing frå Eivind M., her er Renate i ferd med å gjenomføra kajakkens svar på telemarksving.
lørdag 21. april 2012
Padling frå Sveholmen fyrstkomande torsdag
Me padlar frå Sveholmen fyrstkomande torsdag klokka 19. Møt opp litt i førekant. Me har eit par tørrdrakter til utlån for dei som ikkje eig sjølve. Gje ein SMS på tlf 988 74 253 om du vil vera med og dersom du treng tørrdrakt.
Ny padle-DVD på biblioteket
Havstril har gitt ein ny padlefilm til Austevoll folkebibliotek. Det er den andre DVD-en instruksjonsserien til skotske Gordon Brown. Skjønar du engelsk med litt tjukk skotsk dialekt er dette ein flott instruksjonsvideo, som har fokus på tryggleik. Merk dog at konservative britar ikkje alltid nyttar hjelm der dei heilt klart burde. I tillegg til denne DVD-en finst det ei dryg handfull andre DVD-ar å låna på temaet havpadling på bibilioteket.
tirsdag 17. april 2012
Ingen padling denne veka
I mangel på tilgjengelege aktivitetsleiarar vert det ingen organisert padling denne torsdagen.
mandag 2. april 2012
Litt kontigentinfo...
I år sender me ut hovuddelen av kontigentbreva med forfall 30. april, ungdoms- og familiekontigentane og medlemsinfo og medlemskort til nye medlemmar med forfall 15. mai.
Dei som ynskjer å seia opp medlemsskapet gjer oss eit stor teneste ved å senda oss ein e-post på info@havstrilpadleklubb.no eller SMS på 988 74 253. Med eige namn i SMS-en sjølvsagt :-)
Dei som ynskjer å seia opp medlemsskapet gjer oss eit stor teneste ved å senda oss ein e-post på info@havstrilpadleklubb.no eller SMS på 988 74 253. Med eige namn i SMS-en sjølvsagt :-)
fredag 30. mars 2012
Onsdagspadling 4. april
Me forsøkjer oss med litt førpåskehygge i kajakken på noko så sjeldan som ein onsdag. Grunnen er fine vermeldingar denne dagen, men dårleg på skjertorsdagen. Så då så. Oppmøte på Sveholmen litt før klokka 18. Dei som vil låna tørrdrakt må gje melding på 988 74 253. Me har særs avgrensa med drakter p.t.
Ved interesse kan me leggja inn ein liten grillstogg under vegs :-)
Ved interesse kan me leggja inn ein liten grillstogg under vegs :-)
mandag 26. mars 2012
Me dreg ikkje i gang torsdagspadlinga
AVLYST: Med sommartidsjusterte ur, er det dags for å ta tatt årene og kasta seg i kajakken att. Me satsar på padling frå Sveholmen fyrstkomande torsdag klokka 18:30. Deltakarar må nytta tørrdrakt. Klubben har eit fåtall drakter tilgjengeleg. Kontakt Trond for lån (SMS 988 74 253). Fyrst-til-mølla-prinsippet gjeld.
fredag 16. mars 2012
Årsmøtet: Nytt styre på plass og lærerikt om skilting
Det vart aldri dei store sverdslaga på årsmøtet i Havstril padleklubb. Rekneskap, budsjett og andre formalitetar gjekk greitt. Nytt styre i 2012 vert som fylgjer: Trond Hagenes (leiar), Eivind Møgster (nestleiar), Ingunn Berge Vik (medlem og utsending til Austevoll idrettsråd) og Geir Bergflødt (medlem). Varamedlemmar er Inger Uglenes og Rune Hervøy - sistnemde etter benkeforslag.
Det var relativt lågt oppmøte, med berre seks stemmeføre, men me fekk mykje ut av møtet, mellom anna for dei Kyrre Flotve informerte breitt om standardisering av turløyper for kajakksporten og infotavler for desse løypene. Havstril vonar at minst ei slik padletavle kjem opp i Austevoll i løpet av 2012.
Kyrre heldt òg eit flott føredrag om padleturar på sørpissen av Grønland, der irrgrønt gras, flått hav og ditto himmel er heilt kvardagsleg. Kyrre sitt vesle reisebyrå arrangerer turar til det som i si tid var Eirik Raude sitt rike. Mange flotte bilete av storslått natur.
– Sør-Grønland er som Fjord-Noreg på steroidar, sa Kyrre til dei dryge handfulla havstrilar.
Det var relativt lågt oppmøte, med berre seks stemmeføre, men me fekk mykje ut av møtet, mellom anna for dei Kyrre Flotve informerte breitt om standardisering av turløyper for kajakksporten og infotavler for desse løypene. Havstril vonar at minst ei slik padletavle kjem opp i Austevoll i løpet av 2012.
Kyrre heldt òg eit flott føredrag om padleturar på sørpissen av Grønland, der irrgrønt gras, flått hav og ditto himmel er heilt kvardagsleg. Kyrre sitt vesle reisebyrå arrangerer turar til det som i si tid var Eirik Raude sitt rike. Mange flotte bilete av storslått natur.
– Sør-Grønland er som Fjord-Noreg på steroidar, sa Kyrre til dei dryge handfulla havstrilar.
mandag 12. mars 2012
Innstilling til nytt styre
Her fylgjer valkomitéen si innstilling til nytt styre i Havstril padleklubb:
Valkomitéen si innstilling
Årsmøte Havstril padleklubb
Leiar: Trond Hagenes
Nestleiar: Eivind Møgster
Styremedlemmar:
Styremedlem: Ingunn Berge Vik
Nytt styremedlem: Geir Bergflødt
Varamedlemmar:
Rune Hugøy
Inger Uglenes
For valkomiteen:
Rune Hevrøy
fredag 9. mars 2012
Padlefestivalen 2012
Padlevenane våre i God-tur inviterer i år som tidlegare år (då fyrst kjem som Njord og Havpadlesymposiet) til padlefestivalen, på idylliske Langøy. Vel verdt turen, eit vel av kurs- og workshoptilbod tilgjengeleg.
torsdag 23. februar 2012
Årsmelding 2011
Då me har tekniske problemar med å oppdatera heimesida vår, kjører me årsmeldinga i dette formatet inntil vidare:
Havstril padleklubb sitt styre bestod i 2011 av Trond Hagenes (leiar), Eivind Møgster (nestleiar), Ingunn Berge Vik (medlem, repr til Austevoll idrettsråd) og Camilla Solbakken (medlem). Det vart avheldt to styremøte, og elles var det brei kontakt innad i styret ved til dømes investeringar som krevde styregodkjenning, utarbeiding av ungdomssatsing, med meir.
Padleklubben opplevde i 2011 monaleg vekst i talet på medlemmar. Me passerte midtsommars den magiske grensa på 100 betalande medlemmar i eitt og same kalenderår. Ved utgangen av året var medlemstalet på 117 betalande medlemmar, derav var 31 ungdomsmedlemmar (aldersgruppa 12-19). Dette var ei auke på 18,18 prosent frå året i førevegen frå året i førevegen for alle medlemmar. På ungdomssida vart medlemsmassen fleirdobla. Bak tala for seniorane skjular det seg eit relativt stort fråfall av medlemmar, som vart meir eller mindre balansert med nytt tilsig. De facto skjedde då heile medlemsveksten innanfor ungdomssegmentet.
Ungdomssatsing
Ungdommen har vore blant Havstril sine satsingsområde i 2011. Skulane i kommunen fekk tilbod om å besøkja Sveholmen, og me hadde to sjuandeklassar frå Storebø skule på vitjing ein fin juniføremiddag. Sjetteklasse frå same skule skulle òg ha kome og fått kjent på kajakkane, men diverre regna denne dagen fullstendig bort, så opplegget vart kansellert.
I samarbeid med Norges padleforbund har Havstril i 2011 arrangert to NPF grunnkurs Ung og eitt NPF teknikkurs UNG. Alle kursa vart godt oppfylte, jamvel tenikkurset i november, trass i kaldt vêr og sjukdom som førte til to fråfall. Det er Lidun Hareide, NPF rettleiar, som har vore ansvarleg på vatnet i desse kursa, assistert av Havstrils eigen Eivind Møgster. Teknikkurset vart assistert av Anita Henriksen, NPF rettleiar. Havstril har teke seg av den organisatoriske biten. Klubben har fått skryt for opplegget frå NPFs ungdomsansvarlege Thomas Pindard.
Torsdagspadling og andre aktivitetar
Hovudaktiviteten i 2011 har likevel vore dei tradisjonelle torsdagspadlingane. Talet på deltakarar har varier frå to til 13, men som oftast har talet vore mellom fire og seks. Majoriteten av turane har gått frå Sveholmen, men me har òg padla ut frå stadar som til dømes Kvalvåg, Bekkjarvik, Vestre Vinnesvåg og Kjempefaret.
Det er framleis relativt stor interesse for innføring i havpadling, og klubben klarte av ulike årsaker ikkje å tilfredsstilla etterspurnaden på seinsommaren/hausten. Såleis vart det ein liten nedgang i denne aktiviteten frå tidlegare år, dersom ein der bort frå ungdomskursa.
Me arrangerte elles eit NPF teknikkurs med Morten Nyborg og eit straumpadlekurs i Heimarkpollen ved Lidun Hareide. Teknikkurset var ein del i strategi for å utdanna fleire aktivitetsleiarar.
Innkjøp
På materiellsida har den særs gode økonomiske situasjonen gjort det mogleg å investera i meir utstyr enn det me i utgangspunktet la opp til. I tillegg til ekstra ungdomsutstyr i form av padlevestar, spruttrekk, hanskar og årer har me berika flåten med to prima, nye kajakkar: Ein NDK Romany og ein Arrow Play. Me fekk òg råd til å kjøpa oss ein etterlengta tilhengjar, slik at me har mobilitet med tanke på kurs, turar og eventuelle demoar, til dømes på skular.
Dette er mogleggjort gjennom økonomisk støtte frå Austevoll kommune (20 000 i kulturmidlar), Austevoll kraftlag (10 000), K. Halstensen AS (7 500), Lions' Club Austevoll (5 000), Økonor (2 000) og Rolls-Royce Marine (1 500). Me takar hjarteleg for den uvurderlege støtta.
I samband med deltalking på fritidsmessa i Austevollhallen, investerte me òg i opptrykk av piquéskjorter, roll-up med klubbinfo, logo og foto. Deltakinga på messa, gav ein indikator for på at interesse for padlesporten i alle høve ikkje er på veg nedover.
Me trykte i 2011 òg opp brosjyra Padleturar i Austevoll. Denne fekk me gode attendemeldingar på, og jamvel toppoppslag på heimesida til magasinet Padling. Infoheftet er mogleg å lasta ned frå klubbens heimeside.
Nettsida vår er vorte integrert med verdsvevsida i 2011. Det gjev heimesida større aktualitet og det er berre ein adresse å halda seg til. I tillegg har me ei interaktiv Facebook-side som me har brukt veldig aktivt siste året, trass i at langt frå alle medlemmane er registerte her.
Sveholmen
I samarbeid med Austevoll undervannsjegre heldt me i 2011 fram arbeidet med klubbhuset på Sveholmen. Mellom anna vart det sett inn ny dør, flisa og fuga golv. Noko arbeid står framleis att på anlegget, men det nærmar seg ferdigstilling.
Valkomitéen er Renathe Møgster Klepsvik 915 24 239 og Rune Hevrøy 908 57 425
Havstrilstyret, februar 2012
fredag 17. februar 2012
Hugs årsmøtet
Årsmøtet 2012 vert på Bekkjarvik gjestgiveri torsdag 15. mars kl 19:30. Det vert servert kaffi og kaker og Kyrre Floteve kjem for å fortelja om padling ved Grønland - når formalitetar kring val av stuyre, gjennomgang av årsmelding, rekneskap og budsjett er unnagjort.
(Foto: Camilla Ianke ved isfjell, via Kyrre Flotve).
(Foto: Camilla Ianke ved isfjell, via Kyrre Flotve).
"Padling" på biblioteket
Havstril padleklubb sponsar biblioteket med abonnement på magasinet "Padling". Stikk innom å sjå nærare. Samstundes finset det ei rekkje greie padlefilmar du kan låna - dei fleste gåver frå Havstril.
Biblioteket ligg i andre høgda i Bekkjarvik torg.
Biblioteket ligg i andre høgda i Bekkjarvik torg.
fredag 10. februar 2012
Nytt om aktivitetar
Så langt har Havstril desse stadfesta kursa i 2012:
4. mars, Eidsbøen
Bassengtrening/eskimorulle
v/ Lidun Hareide
Gratis
19.-20. mai, Sveholmen
NPF Grunnkurs UNG
v/ Lidun Hareide (og havstrilassistentar)
Gratis men krev betalt kontigent
23. - 24. juni, Austevoll
NPF Aktivitetsleiarkurs
v/ Morten Nyborg
Kostnad: 2000 NOK
4. mars, Eidsbøen
Bassengtrening/eskimorulle
v/ Lidun Hareide
Gratis
19.-20. mai, Sveholmen
NPF Grunnkurs UNG
v/ Lidun Hareide (og havstrilassistentar)
Gratis men krev betalt kontigent
23. - 24. juni, Austevoll
NPF Aktivitetsleiarkurs
v/ Morten Nyborg
Kostnad: 2000 NOK
mandag 6. februar 2012
Fleire glimt av nybåten
Nye Havstril-båten, som truleg får namnet "Sveholmen" i fleire vinklar Til venstre (eventuelt øvst) i biletet Havstril sin ordinære Romany, som vart kjøpt inn i fjor.
fredag 3. februar 2012
Ny kajakk i flåten
Mykje snø på Sveholmen og nyekajakken vår i dag. Kajakken er ein Romay Surf frå Nigel Dennis Kayaks i Wales, som for tryggleikens skuld er utstyrt med eitt ekstra lag eller to med glasfiberduk.
Kajakken har mange av dei same eigenskapane som veslesystera Romany (som me sjølvsagt òg har i flåten), men er tilpassa litt større padlarar.
Meir om nyebåten kan du lesa her, enn så lenge.
Namneforslag: Brokaskiten.
Flott, ironisk namn.
Kajakken har mange av dei same eigenskapane som veslesystera Romany (som me sjølvsagt òg har i flåten), men er tilpassa litt større padlarar.
Meir om nyebåten kan du lesa her, enn så lenge.
Namneforslag: Brokaskiten.
Flott, ironisk namn.
Abonner på:
Innlegg (Atom)