onsdag 22. august 2012

Padling torsdag

Torsdag 23. august er det padling frå Beinskrokjen kl 18:15 - meld frå på SMS på 988 74 253 om du vil vera med (eller bruk Facebook-gruppa vår). Turen går truleg rundt Drøno og vida Råtapollen rundt Rostøy og attende i Drønsstraumane. Ein flott tur med brukbare vêrmeldingar :-)

mandag 20. august 2012

Aktiv Havstril-veke

Sist veke var det ikkje berre introkurs og torsdagspadling, men ungsommane våre fekk òg prøvt seg på straumpadling under kyndig rettleiing av Eivind Møgster og Renate Møgster Klepsvik.

(Foto: Moro ved Straumsøy. "Føyna" snik seg forbi når ungdommane har seg ein velfortent pust i bakken).

fredag 17. august 2012

Geocaching på padlevenlege stadar

Havstril padleklubb er i ferd med å leggja ut ei rekkje geocachar på fine padledestinasjonar i Austevoll. Så langt har me lagt ut små skattar med eigne GPS-koordinatar som du kan finna på geocaching.com: Kumleøya, Hengjo og Straumsøy. Fleire kjem på plass snart (her ser du behaldaren til Sveholmen, som sikkert vert på plass i løpet av veka).

Meir om geocaching kan du lesa her.

onsdag 15. august 2012

Torsdagspadling frå Sveholmen

Torsdag 16. august kl 18:00 - send SMS til aktivitetsleiar Rune Hevrøy tlfnr 908 57 425 om du vil vera med (eller meld deg på via Facebook-sida vår).

Finvêr og introkurs

Kjekt introkurs i går tysdag med åtte deltakarar, samtlege nye havstrilar. Flott vêr og ein flink gjeng - kurset vart kruna med ein kort tur rundt Spissøy.

fredag 10. august 2012

Rekordmange på klubbtur

Ni havstrilar la ut frå Vasseidet i går, og midt ute mellom øyane søraust om Birkeland, trefte me på ein familie på fem som vart med på store delar av turen.

Ein kjekk liten tur, der me var innom Notaneset, strekte på beina på Kumleøya, før me sette kurset heimover att.

Bilete: På dette tidspunktet var to padlarar på veg heim att, utan at det sette nokon stoggar for humøret.

mandag 6. august 2012

Frå Vasseidet på torsdag

Me padlar kring dei flotte holmane og øyane på nord-austsida av Huftarøy på torsdag. Oppmøte kl 19 Vasseidet, 18:30 på Sveholmen for dei som treng hjelp med kajakken (meld i såfall frå om det på 988 74 253).

onsdag 1. august 2012

Ledige plassar introkurs

Har ledige plassar på introkurs tysdag 7. august kl 18:30 - tips gjerne vener og kjente. Påmelding til 988 74 253.

Ingen torsdagspadling

Midt i ferietida, så denne veka kjem det ikkje til å verta nokon torsdagspadling. Kjem sterkare attende ...