onsdag 21. desember 2011

torsdag 1. desember 2011

10 000 frå Austevoll kraftlag

Takk til Austevoll kraftlag BA som støttar arbeidet vårt med 10 000 kroner. Støtta frigjer pengar til mellom anna ungdomssatsinga. Tusen takk!

tirsdag 15. november 2011

Presseomtale, UNG teknikkurs


Dette stod på trykk torsdag 10. november i lokalavisa Marsteinen.

torsdag 10. november 2011

Takk til Rolls-Royce

Rolls-Royce i Kolbeinsvik støttar barne- og ungdomsarbeidet vårt med 1 500. Me takkar!

Takk til Økonor

Takk til Økonor som støttar Havstril sitt arbeid med 2.000 kroner inneverande år.

fredag 28. oktober 2011

Alt Havstril-utstyr reservert helga 5. - 6. november

Me arrangerer Teknikkurs UNG for elleve av dei flinke ungdommane som har gått på kurs med Lidun og Eivind tidlagare i år. Helga 5. - 6. november vert alt utstyret reservert for dette kurset.

Anita Henriksen vert andre hovudansvarleg, saman med Lidun på dette kurset.

søndag 23. oktober 2011

Mange i hallen

Mange har allereie vore innom Havstril-standen i Austevollhallen i dag, snakka om padling, turopplevingar og drukke ein god slant kaffi. Messa er open til klokka 16, så det er berre å ta turen innom.

Me sel òg dei nye Havstril-piquéskjortene.

fredag 21. oktober 2011

Piqué-skjortene klare til hallen


Møt Havstril på fritidsmessa sundag - i Austevollhallen. Der har me stand og medlemmar kan få kjøt dei nye piqué-skjortene våre for berre 200 kroner stykk. Dei er av god kvalitet med brodert havstrillogo! Me har dei fleste storleikar både i dame- og herreutføring!

Har du lyst å stå litt på stand, er du sjølvsagt velkommen til det!

fredag 7. oktober 2011

Austevolling byggjer trekajakkar

I lokalavisa Marsteinen kan ein denne veka lesa om Arve Møgster som er godt i gang med å byggja sin tredje kajakk frå botnen av. Trykk på faksimilia for større versjon.

torsdag 6. oktober 2011

No har me kajakkhengjar!

Havstrilhengjaren :-)

No kan me langt lettare flytta padlingar bort frå Sveholmen til andre interessante stadar i Austevoll, der heile kajakkflåten kan bli med.

Takk til FosenNamsos, forresten, som let oss frakta hengjaren freå Krokeide til Hufthamar utan vederlag!

mandag 3. oktober 2011

Sjuandeklasse frå Kolbeinsvik på Sveholmen

Saman med aktivitetsleiarane Yngve Drønen Ringdal og Camilla Solbakken fekk sjuandeklassen frå Kolbeinsvik skule i dag innføring i havpadlesportens gleder på Sveholmen.

fredag 30. september 2011

UNG-padling

Me arrangerte UNGpadling denne torsdagen, men kunne nok tenkt oss endå betre oppmøte - mellom anna krasja det denne gongen med fotballkamp og symjetrening. Dette er forhold me bør kartleggja nøyare komande padlesesong.

På biletet er ein av dei ivrige yngste padlarane i Havstril-leiren :-)

onsdag 28. september 2011

Takk til K. Halstensen

Me takkar H. Halstensen AS for støtta på 7 500 kroner. Den kjem absolutt godt med!

onsdag 21. september 2011

Framgang på Sveholmen

Sist laurdag var det klart for fliselegging på Sveholmen. Me tok for oss det som skal verta universelt utforma toalett. Denne torsdagen byter me ut padling med dugnadsarbeid, oppstart kl 18.

torsdag 15. september 2011

Sveholmen kl 18:30

Møt opp nokre minutt før 18:30. Me padlar til det skumrar. Blir litt bylgjer - kjekt om folk som blir med ei komfortable med ørlite sjø :-)

tirsdag 6. september 2011

Frå Bekkjarvik til Rabben-Veivåg etc.

Torsdag kl 19, møt opp nokre minuttar før. Oppstart er frå Jutholo ved Bekkjarvik torg. Om du vil vera med og ikkje har meldt deg på via facebook, sendt ein SMS tyil 988 74 253 og opplys om at du vert med.

torsdag 1. september 2011

Kvalvåg i kveld

For dei som er komfortable med litt sjøgang, kan henda. Me padlar frå Kvalvågen kl 18:30 - ta med hjelm viss du vil leika deg litt i bylgjene :-)

tirsdag 30. august 2011

Flinke UNG-deltakarar frå Havstril!



I helga holdt vi grunnkurs-UNG for andre gong i Havstril padleklubb for ni entusiastiske ungdommar. Ungdommane såg ut til å stortrivest i kajakkane frå første stund, og dei vart raskt flinke til å kontrollera båtane. Gjennom leik og moro utforska me manøvrering av kajakkane, kule svingar, balanse, bylgeleik og naturlegvis vart det ein del bading med påfølgjande eigenredning eller kameratredning. Kulingen på søndag lærte oss mykje om å snika seg langs land for å finna ly, men også kor fort ein kajakk driftar i vinden, spesielt om han er tom. Ungdommane har blitt verkeleg flinke, så no håpar me å få sjå fleire av foreldra på vatnet saman med dei.

Lidun Hareide

fredag 26. august 2011

Utstyr reservert

Alt utstyr på Sveholmen er reservert for UNG-padlekurs mellom kl 09:30 til 18:00 fyrstkomande laurdag og sundag.

Rekordpadling

Heile 13 havstrilar på tur i går - det er bestenotering på klubbtur. Me tok vegen til Bakkasund, Kalve - der geitene på holmane utanfor faktisk kom opp på dekket til K2-en "Eldjarnet" og helste på unge Ingelina og pappa Rune. Ein flott tur på ti kilometer vart unnagjort på litt over to timer padling.

tirsdag 23. august 2011

Ledige plassar på Grunnkurs UNG

Me har tre ledige plassar på Grunnkurs UNG til helgja. Det er berre å hiva seg på for dei som er mellom 12 og 16 år - påmelding via SMS på 988 74 253 (Trond Hagenes).

Sveholmen - Skårøyane

Torsdag, oppmøte litt før 19. Me padlar i retning Skårøyane, og ser kor langt me kjem. Spørsmål kan rettast til Trond Hagenes 988 74 253.

fredag 19. august 2011

Drøno rundt, pluss gamle "Solnes"

Fem havstrilar på tur. Flott vêr, nok av bylgjer vestom Drøno, fine forhold inne i Drønspollen. Turen vart avslutta med Svipptur til vraket av ganle "Solnes" som enno ligg i vika nordvest på Rostøy.

Noko utstyr reservert

Utstyr er reservert for teknikkurs på laurdag 20. og sundag 21. Men ikkje alt er i bruk. Etter kl 10:30 kvar dag, kan dei som vil padla for seg sjølv henta og bruka ledig utstyr.

fredag 12. august 2011

Temmeleg stor aktivitet

Me har hatt ein god del aktivitet den siste tida - mellom anna var det åtte padlarar på tur i førre veke, fleire små grunnkursseansar med dei som skal på teknikkurs med Morten Nyborg neste helg, og i går var det introkurs for heile ti padlarar på Sveholmen.

torsdag 11. august 2011

Ingen torsdagspadling

Det vert ingen torsdagspadling i dag, og alt utstyr er reservert frå kl 18:30 - 23:00, torsdag 11. august.

onsdag 3. august 2011

Open ungdomspadling

I utgangspunktet var torsdagen øyremerkt ungdommar, men grunna relativt få attendemeldingar, opnar me padlinga for alle. Det vert likevel ein relativt kort tur langs kyststripa med teknikkfokus. Oppmøte litt før kl 19, Sveholmen.

fredag 29. juli 2011

Framgang på klubbhuset

Framgang med arbeidet på Sveholmen. Undervassjegarane er i gang med arbeiet. havstril si oppgåve vert å leggja ned varmekablar og støypa golvet. Kjem attende med info om når etterkvart.

Fint i byljene

Under mottoet, eitt bilete seier meir enn 1000 ord. Flotte tilhøve for å leika seg i bylgjene i går.

onsdag 27. juli 2011

Padlar frå Sveholmen

Torsdagspadling i morgon. Oppmøte litt før 19 på Sveholmen. Truleg over mot Kalve, Bakkasund etc.

mandag 25. juli 2011

Jentesamling på Sveholmen 3. - 4. september

Norges padleforbund, NPF, arrangerer jentesamling på Sveholmen i vakre Austevoll 3. - 4. september. Jentesatsinga til NPF er ein lekk i arbeidet med å få inspirere fleire jenter til å padla på høgare nivå, og samlinga vert leia av to av NPF sine kvinnelege vegleiarar, Anita Henriksen og Lidun Hareide. På samlinga blir det halde NPF grunnkurs og NPF teknikkurs.

Me søv i telt og lagar middag på fellesgrillen, så ta med grillmat og brødmat. Det er butikk i Bakkasund, fem minutt med bil frå Sveholmen, og det er drikkevatn og enkle toalett på området.
Dersom du treng å leige kajakk og utstyr, ta kontakt med Havstril padleklubb <info@havstrilpadleklubb.no>





Påmelding via denne lenken.

Velkommen på samling!

torsdag 21. juli 2011

Minnar om ny Facebook-side

Me har fått ny side på Facebook - bli medlem og få invitasjonar etc rett til innboksen din. Hyperlink.

Fitjarturen avlyst

Det vart for lita interesse for turen til Fitjar, som dermed vart kansellert. Me kjem likevel truleg attende med mellom anna dagstur ei helg + overnattingstur i august. Wrach this space, som dei seier over there!

mandag 18. juli 2011

Treng fleire påmelde til Fitjarøyane

Overnattingstur til helgja? Kjentmann Eivind Møgster melder at han treng fleire deltakarar til turen til Fitjarøyane med innlagt overnatting. Ring Eivind (ikkje send melding til dette nummeret) 932 19 866 innan onsdag viss du vil vera med.

onsdag 13. juli 2011

bilete av nyebåten

Her kjem eit nyebåten til Havstril, som får namnet "Furen II". Han er kjøpt frå Yst Ute. Me takkar Lidun Hareide for transporten, og gler oss til å prøva han.

mandag 11. juli 2011

Endå ein ny kajakk i flåten

Me skiftar ut tre plastkajakkar i Havstril-flåten, med ein ny Arrow Play frå Yst Ute. Kajakken kjem på plass i naustet i løpet av veka - mest truleg.

Vår kajakk får fargane som den øvst på bilete. Meir info kjem i løpet av veka.

Kajakkane me kvittar oss med er Boreal Design Inukshuk, Boreal Design Sedna og Current Design Sirocco - alle blant dei aller minst brukte i flåten vår.

søndag 10. juli 2011

Overnattingstur til Fitjarøyane

Melding frå Eivind Møgster:  Tanken min var å organisera ein liten tur no i sommar, slik at vi overnattet i telt på turen. Turen er tenkt til Fitjarøyene, der det er heilt nydeleg (me tek ferja over, og setter ut i frå Fitjar sentrum). Har og funn nokre perler her i Austevoll som kan vera aktuelle.

Tanken var å leggja turen i helgen rundt den 23 juli. Om nokon har lyst å bli med på turen så send meg ei meldinge eller ring på mobil 93219866. Og sjølvsagt berre spør om det er noko du lurer på. Om me blir en fin liten gjeng så kjører vi igang turen.

Eivind Møgster som liker seg så godt i Fitjarøyene.


torsdag 7. juli 2011

Medlem nummer 100!

I same veka padleklubben fyller fem år, noterte me oss og for betalande medlem nummer 100 i eitt og same kalenderår. Dette skjedde under kurs på Sveholmen i kveld, torsdag!

Kven den heldige medlemmen er, avgjer me i ei trekning. Vedkommande kan sjølvsagt venta seg ei overrasking i ein eller annan form!

Blikk frå aktivitetar

Siste vekene har me ikkje oppdatert mykje om klubbaktivitetane våre på heimeside eller blogg.

Me hadde ein kjempeflott og minnerik tur til Møkster frå nordre Selbjørn ein sundag for nokre veker sidan, med innlagt grillstogg på Risøya. Flott vêr, men nokså krevande kryssingar av dei opne strekka mellom Lunnøy og Litlakalsøy og Selbjørn.


Torsdag denne veka hadde me introkurs ved Sveholmen, med ei flink gruppe.

søndag 3. juli 2011

Utstyr reservert

Alt klubbutstyr er reservert fyrstkomande torsdag frå kl 18:30 - 23:00. Denne torsdagen vert det heller ingen torsdagspadling - men føl med på facebookgruppa vår og her - for det kan dukka opp padlingar andre dagar no i ferietida!

Teknikkurs med Morten Nyborg

Dato: 30. - 31. juli 2011.
Instruktør: Morten Nyborg, Haugesund KK
Innhald kan du lesa her.
Kostnad: 2000 NOK (inkludert eventuelt påbygging til grunnkurs frå introkurs, vert gjeve på førehand).
Påmeldinging mail eller SMS til 988 74 253

fredag 1. juli 2011

Ny kajakk i flåten

Møt "Kaggen" NDK Romany. Havstrils nye klubbkajakk.

torsdag 30. juni 2011

torsdag 23. juni 2011

Austevoll i Sunnhordland-bilag






































Det står å lesa om padling i Austevoll i Sunnhordlands reiselivsbilag, utgitt i førre veke. Tilfeldigvis ført i pennen av padleklubbens leiar, då iført frilansar-hatten sin.

Litlakalsøy (og Møkster?) på sundag

Oppmøte Nordrevågen, Selbjørn klokka 10:30 - ta med lett grillmat og noko å drikka. Veldig moderat sørleg vind til å byrja med - litt meir på vegen heimatt, ser det ut til frå meldingane. Delvis skya, står det i meldingane. Ved spørsmål kontakt Trond Hagenes 988 74 253.

mandag 20. juni 2011

North Shore-tilbod frå Ytst Ute

Tilbod gjeldande fram til 5. juli frå Ytst Ute på North Shore kajakkar:
North Shore Atlantic platikk Kr 10.000,-
North Shore Atlantic plastikk LV Kr 9.000,-
North Shore glasfiber - alle modellar - Kr 20.000,-

Gode kajakkar, spesielt Polar HV (Gamle Buccaneer) er ein klassikar...

søndag 19. juni 2011

Ingen torsdagspadling grunna St. Hans

Det kan derimot vera at me kjem attende med ein sundagspadling - frå kl.11 til ca 15. Me kjem attende med info på slutten av arbeidsveka.

fredag 17. juni 2011

Fin tur, torsdag òg

Seks padlarar, fire havstrilar og to havstrilar in-spe, padla torsdagen. I den næraste framtida nedprioritererer me å skriva om torsdagspadlingane, men padla gjer me likevel. Følg med på bloggen om kvar turane går frå, eller bli medlem i havstril-gruppa på Facebook og får direkte invitasjon.

torsdag 16. juni 2011

Sjuandeklasse besøkte Sveholmen


Sjuandeklassingane ved Storebø skule fekk kost seg i kajakk ved Sveholmen i dag. Me hadde så og seia heile flåten på vatnet, og klassen på 20, delte seg i to. Halvdelen fekk verta i kajakken, medan resten utforska laguna ute på holmen. Etterpå bytta gruppene, og fekk til og med tid til ein liten matbit.

onsdag 15. juni 2011

Sveholmen, torsdag kl 19

Det vert padling torsdag kl 19 frå Sveholmen. Møt opp! Spørsmål kan rettast til Trond 988 74 253.

fredag 10. juni 2011

Fellestinging frå Wales

Ny tørrdrakt, vest eller årer? Anna utsyr? Me dreg i gang ein fellestinging frå Up and Underi Cardiff, Wales. Sjekk ut denne sida for Palm-utstyr, og gje attendemelding til havstril@gmail.com innan fredag 17. juni viss du vil tinga noko utstyr. Prisane vil liggje på om lag 60 prosent av norsk nivå.

Werner si heimeside.

Nedetid sidan natt til tysdag

Havstril beklagar at nettsida vår har vore nede sidan natt til tysdag. Det er eit servarproblem som har vore årsaka til nedetida.

mandag 6. juni 2011

Straumpadlekurs med Lidun



Kjekt med straumkurs. Åtte kajakkar i Heimarkpollens strie straumar. Ny kompetanse med låge støttetak i stram boks, kanta dit straumen er på veg, og vips så vender baugen som på femøringen.

Me padla inn frå Rune Hugøy si bryggje, og då me kom fram, var det ikkje teikn til rørsle i hovdløpet ut frp Heimarkpollen. Difor padla me vidare til den vesle straumen på austsida av pollen, der det vart meir rørsle for kvar minutt. Til slutt kom det til og med statiske tidevassbylgjer i den vesle straumen, som kanskje var litt for liten til åtte kajakkar.

Slik var det derimot ikkje i den store straumen. Han var rett så heftig då me gjekk på land og studerte han. Her skulle me få nok å hengja padleårene i - i midten ved stanga, heldt han nok meir enn tre knop, medan det danna seg små bakevjer, straumvirvlar og såkalla soppar - straum der vatnet vert pressa rett opp - gjennom heile laupet.

mandag 30. mai 2011

Kursoppdateringar

Straumpadlekurs ved Lidun Hareide, torsdag kl 11:30, Heimarkpollen - to ledige plassar.
UNG-kurs ved Lidun Hareide, laurdag og sundag, fullt med venteliste.
Introkurs ved Trond Hagenes, torsdag 9. juni - ledige plassar.

Ta kontakt med Trond på 988 74 253 for påmelding/informasjon.

torsdag 26. mai 2011

Presseomtale i Marsteinen

Sjå faksimila:

mandag 23. mai 2011

Vestre Vinnesvåg kl 20:00 torsdag

Sein oppstart grunna aktivitetsleiars jobboppdrag i førevegen. Me vonar ein kjapp liten tur rundt Blænesøya og inn i Gilsvågen vert mogleg. Atterhald om endringar grunna vêret!

Kjør ned til stikkaren ved Mølla, Vestre Vinnesvåg. Der brukar me vonaleg Ingunn B. V. si bryggje.

mandag 16. mai 2011

Me avlyser i dag

Oppsett aktivitetsleiar er i ferd med å verta sjuk, så turen vert kansellert.

torsdag 12. mai 2011

Vestre Vinnesvåg kl 18:30 i kveld

Me kan reisa ut frå Vestre Vinnesvåg, ta turen inn Kalsund, innom evt. Gilsvågen og vidare til Husavik og Austre Vinnesvåg. På returen kan me padla rundt Blænesøya og visa fram den fine Sandvågen på sørvestsida.

Parkering ved nedkjøringa til Møllo.

fredag 6. mai 2011

Viktige kurs sommaren 2011


Teknikkurs
ved Morten Nygård, 30.-31. juli.
Morten er ein av dei beste havpadlarane og pedagogane me kjenner. Eit supert og morosamt kurs.

Grunnkurs UNG - Gratis!, 4-5. juni
ved Lidun Hareide
Som ein del av ungdomssatsinga til Havstril tilbyr me gratis grunnkurs, tenikkurs og aktivitetsleiatrkurs for ungdom mellom 13 - 18 år (dei må dog betala medlemskontigent på 200 NOK, eller vera med gjennom familiemedlemsskap).

Dette kurset er fyrste trinn, neste steg går på hausten ein gong (dato kjem me attende til).

På sikt vonar me å ha unge aktivitetsleiarar som frå tid til annan kan ta nye padlespirer med på kurs - det vert jo kulare enn å palda med oss "dinosaurane").

I tillegg kjemme til å tilby påbygging frå vanleg introkurs til grunnkurs i juli, og dei vanlege introkursa gjennom sommaren.

Les meir om kursstigen her: http://www.padling.no/t2.asp?p=3956

For meir info, ring Trond Hagenes 988 74 253 eller skriv e-post til info@havstrilpadleklubb.no.

Til Horgetrynet og attende

Fire havstrilar padla 13,4 kilometer, over Horgefjorden, langs Langøy til Horgetrynet og heimatt til Sveholmen. Slett ikkje slett som eit nystroke laken, men morosamt var det likevel.

Me melde pass for ein rufsete Møkstrafjord inntil vaula, slik me opphaveleg hadde tenkt.


Neste veke vert det truleg padling frå Vikevågen.

onsdag 4. mai 2011

Sveholmen i morgon kl 19

Me padlar frå Sveholmen mot Horgo eller Skårøy-området i morgon. Satsar på ein litt lengre distanse enn vanleg - opp mot 15 kilometers padling. Spørsmål kan rettast TrH på mob 988 74 253.

mandag 2. mai 2011

Over Kalsvika og litt vestom

Fem havstrilar i finevêret. Padla over Kalsvika, ut mellom Kalve og øyane der ute. Litt rørsle i sjøen, men berre så mykje at det vart befriande deileg, akkompagnert av den svake trekken frå nord.

Totalt padla me 9,3 kilometer, og turen tok dryge to timar.
Bilete: Kjekke geiter på holmane innan Kalve. Dei er alltid særs nyfikne på kajakkane våre.

torsdag 28. april 2011

Sveholmen kl 19 i kveld

For dei som ikkje er med i Facebook-grupa vår: Kveldens padling går frå Sveholmen klokka 19.

lørdag 23. april 2011

Ypparleg torsdagstur

Rett nok kom me oss ikkje av garde før klokka 19, men med heilt flatt hav, sommarleg varme og godt selskap vart det ein rett så fortreffeleg fellespadling. Me har fire havstrilar og ein in spe, som padla med det faderlege opphavet sitt i hangarskipet "Eldjarnet".

Ut frå Jutholo, innom Bekkjarvik, der det freista å laga riper i ein stor cruiser som blokkerte innløpet til Bekkjarvik. Mykje pengar (eventuelt stort lån), men lite sjømannskap. Novel, me slo av eit par ord med godaste Øystein R., som òg fotograferte oss, før me stakk kajakkbaugane i retning Lunnøy. Fyrst gjennom Bekkjarviksundet, forbi Litla Lunnøy og vidare.

Årets fyrste tjeld vart observert. Den flotte vadefuglen med konstrat i fjørdrakta og knalloransje nebb er alltid ein like velkomen gjest på padleturane. Så kryssa me over til Lunnøy, og inn i hamna. Der vart det litt prat med nokre feriefolk som var travle med å setja opp ein kai, før me heldt fram. Dei flotte tronge sunda, med sandbotn på, anemonene som lever med straumen saman med tanga. Sjøfuglane som studerer padlarar og farkostar, før dei tek til vengjene, tilsynelatande i villfarelse om kva det er som nærmar seg. Alt er vel verdt å bli poetisk over.

Havørn fekk me òg med oss. Nokre måsar nappa hjenne i halefjøra ved Litla Lunnøy, rett før me steig i land og fyrte om eingangsgrillen. Karoline S. varta opp med bananer fylt med sjokolade, medan ulike pølser og brød vart konsumert på høgkant etter at grillmeister Rune H. på overnaturleg vis makta å halda dei nokolunde ubrente for dei hissige flammane. Me hadde det nemleg litt travelt fordi mørkret var i ferd med å seinka seg. Og så, etter hasteeting, påfyll av væske (takk Rune), steig me om bord i dei smekre farkostane våre og padla i retning Bekkjarvik, Innanfor Eikholmen denne gongen, og me hadde også godt med lys på kajakkane våre.

Ein retteleg højadare av ein tur.

Tekst: TrH/Foto: RuneH/TrH

mandag 18. april 2011

Lunnøy med innlagt grillpause

Torsdag kl 18:30 ved Jutholo. Held vermeldinga seg, blir det tur rundt Lunnøy med innlagt grillpause på idylliske Litla Lunnøy. Ta med pølse, brød og noko å drikka (alternativt andre ting som funkar godt på eingangsgrill).

fredag 15. april 2011

JUBILEUMSTILBOD: Introkurs + medlemsskap i eitt

Kurssesongen er tidleg i gang. I år feirar padleklubben femårsdag, og i den samanhengen tilbyr me nye medlemmar introkurs + medlemsskap
ut året for
berre 700 kroner.

For meir info send SMS eller ring
988 74 253 eller send ein mail med førespurnad om kurs.

På fotoet er aktivietsleiarane Yngve og Camilla i gang med å vegleia padlespirer om trygg ferdsel på sjøen i kajakk og grunnleggjande teknikk.

Padleleir på Ulstein i pinse

Sjå lenken viss du er sugen på litt ekstra padling i pinsa. Herøy kajakklubb arrangerer leir i samarbeid med forbundet.
 

tirsdag 12. april 2011

AVLYST: Sveholmen, torsdag kl 19

AVLYST: Greitt med oppmøte ei viss tid før kl 19, så kjem me oss raskare på vatnet. Spørsmål rettast til Trond Hagenes 988 74 253. Ufyseleg utpå i dag.

torsdag 7. april 2011

Vått og nokså kaldt

Haukanespollen er fascinerande sjølv i ausande regnvêr, konstaterte tre havstrilar som sette ut frå marinaen ved Kolbeinshamn torsdagskveld. Me tok turen via pollen ved Notaneset inn til Haukanespollen (me måtte bæra kajakkane under brua ved straumen, då det sikkert var åtte knops fart på han). Heilt i enden på pollen smakte leiaren på utmerkt ferst vatn som renn ned frå Loddo, for me sette kajakkane i kurs innover mot pollen ved Eido. Berre det smalaste og grunnaste av sund forbinder dei to pollane (to meter breiddt og 40 centimeter djupt).

På vegen attende til Kolbeinshamn mørkna det, og me fekk akkurat heve kajakkane på land før bekmørket senka seg over Huftarøy og Langenuen utanfor.

Neste torsdag vonar me på godt vêr og padling frå Sveholmen og stort oppmøte.

onsdag 6. april 2011

Kolbeinshamn torsdag kl 18:30

Sterk vind frå vest, viss ein skal tru vêrmeldingane, gjer at me paldar litt i livda på austsida av Huftarøy. Oppmøte i vika rett før Kolbeinshamn klokka 18:30. Spørsmål kan rettast til Trond på mob 988 74 253.

torsdag 31. mars 2011

Synd med vêrmeldingar som lyg

Det vart verken regn eller sterk vind/bylgjer i kveld, så leiaren vurderer å ikkje tru på verken yr.no eller storm.no heretter. Faktisk hadde det vore ein prima padlekveld i dag.

Novel, som einsleg sjel på Sveholmen vart likevel godt over halve Havstril-flåten innsett med 303-godmiddel.

Til alle som lånar utstyr: Hugs at det skal spylast/vaskast med ferskvatn. Det var to båtar som tydlegvis ikkje hadde fått rett handsaming sist dei var ute!

mandag 28. mars 2011

Sveholmen kl 18:30

Det vert ikkje fellespadling torsdag. I staden vert det dugnad i naustet, kall det gjerne vårpussen på klubbkajakkane. Møt opp!

Sju på tur

Godt oppmøte, fine forhold og leik i diverse tidevasstraumar.


Det ver rett og slett kos i Heimarkpollen torsdag, for sju padlarar.

tirsdag 22. mars 2011

Vassverket, Kjempefaret kl 18, torsdag

Me padlar i favorittpollen på, Heimarkpollen, torsdag klokka 18. Møt opp slik at me kjem oss på vatnet så snart som mogleg. Spørsmål kan rettast Trond Hagenes 988 74 253.

mandag 21. mars 2011

Naturstiløype

Havstril padleklubb vurderer å laga ei slags Geo cache/naturstiløype med postar kring på øyar, holmar og skjer kring i Austevoll. Har du tips om gode lokalitetar for ein post (litt som ein orienteringspost), ta gjerne kontakt med oss, eller kommenter under.

torsdag 17. mars 2011

Kaldt, men godt

Vêret sette nok sin avgrensing på oppmøtet, men tre havstrilat trossa kuldebiten tok tok seg ein liten tur rundt Kvaløy, og gjorde sitt beste for å finna seg tilrette i kajakkane etter ein altfor langt vinteropphald.

Neste veke padlar me i Heimarkpollen. Oppmøte blir kl 18, men kor det blir frå ser me an til tysdag. Sjekk heimesida!

tirsdag 15. mars 2011

Straumpadlekurs med Lidun

Set av torsdag 2. juni, Kristi himmelfartsdag, til straumpadlekurs med Lidun Hareide. Her tek me straumen i Heimarkpollen som utgangspunkt for nokre timar med teknikk sett ut i livet - applied skills, som britane ville sagt.

Kostnad og tidspunkt (her må me lesa tidevasstabellen) kjem me attende med på eit seinare tidspunkt.

søndag 13. mars 2011

Fyrste klubbpadling torsdag

Det vert torsdagspadling kl 18 med avgang frå Sveholmen. Ver ute i tide, slik at me får utbytte før natta snik seg på.

torsdag 3. mars 2011

Forfallsdato kontigent

Leiaren er noko forseinka å senda ut medlemskortgiroane, og det kan difor verka noko frekt med forfattsdato allereie den 15. mars. Det er flott om De betalar innan den datoen, men me ser absolutt i nåde til dei som ynkjer å vera ei veke eller to etter forfallsdatoen med å betala.

onsdag 16. februar 2011

Endeleg på papir!

Godsak frå trykkeriet i dag. Då kjem trykksaken og medlemskontigent i posten i løpet av den neste veka!

torsdag 10. februar 2011

Bli med på den fyrste Aldabra-ekspedisjonen i kajakk

















Atollet Aldabra i Indiahavet er eit av verdas naturunderverk, og er eit strengt regulert natureservat. Havstrils Eivind Møgster er ein av dei som kal vera med og padla den fyrste ekspedisjonen i kajakk dit, nokon sinne. No er Eivind, Lidun Hareide og kompani på jakt etter fleire deltakarar på den banebrytande ekspedisjonen - kanskje vert dette det einaste høvet i vår levetid. Eivind skriv dette om ekspedisjonen:

"Me skal padla NDK-kajakker i kule farger, med delfinar, skilpadder - og ja til og med sjøkuer skal - me duppa åreblanda rundt og bada med. Det er kjent som ein av verdas flottaste dykkedestinasjonar, så vidare oppramsing av det marine dyrlivet der, er kanskje ikkje naudsynt. Dyrelivet og plantelivet på landsiden er like unikt som det under havoverflata.  At det er verdas største korallatoll fortel at landskapet er noko heilt i særklasse."

Ekspedisjonen startar fra Seychellene den 5. august 2011, med fly ut til Aldabra og ekspedisjonsbåten me skal bu på når meer der ute. Retur til Seychellene den 12. august med fly. Det er plass til ti kajakkerar, så det gjeld å handla raskt om du vil ha plass.
Me legg turen vår opp med nokre dagars stopp på Seychellene både før og etter Aldabra. Nyta livet der på eit par øyar, og berre gleda oss over livet som me gjorde sist me var der.

Planen vår er at me skal prøva og samla sammen ein vairert og fin gjeng fra heile Noreg. Meir info. Send ein mail til Eivind Møgster, då vel.

mandag 7. februar 2011

Familiekontigent vedteke

Årsmøtet i Havstril padleklubb vedtok torsdag å innføra familiekontigent. Han vert på marginale 800 NOK, og vil dekka foreldre og barn med bustadsadresse under same tak, inntil fylte 20 år.

Me reviderte òg HMS-reglementet på eit punkt retta mot aktivitetsleiarar og risikoanalyse. Dei som ynskjer tilsendt kopi av saksdokumenta med velegg, kan retta seg til klubbens leiar.

Kvelden vart avslutta med føredrag av Lidun Hareide (foto) med fokus på turar til Seychellene og Lofoten.

Det vanka blomar til Lidun for føredraget, og til avtroppande nestleiar og representant til Austevoll idrettsråd, Inger Uglenes. Ein takksam tanke vart sendt til Rune Hugøy, som takka av etter fem år som styrerepresentant, men ikkje kunne vera til stades fordi sildefisket krevde sitt.

Guiden er i trykken


Miniguiden "Padleturar i Austevoll" er sendt i trykken. Me får 1 000 eksemplar. Medlemmane får tilsendt i posten saman med medlemsskapsgiro, resten vert distribuert via turistkontoret, Offentleg servicekontor og Bekkjarvik gjestgiveri.

torsdag 3. februar 2011

Nytt styre på plass

Stikkord frå årsmøtet:

Nytt havstrilstyre 2011: Leiar: Trond Hagenes. Nestleiar: Eivind Møgster. Medlemmar: Camilla Solbakken og Ingunn Berge Vik. Varamedlemmar: Rune Hugøy og Inger Uglenes.

Ingunn Berge Vik vert havstrilrepresentant til Austevoll idrettsråd.

Det var åtte stemmeberettinga Havstril-medlemmar på årsmøtet, ein gjest og føredragshaldar Lidun Hareide og hennar unge assistent på fire år. Me oppdaterer med meir info på måndag.

fredag 28. januar 2011

Hengelåsen fiksa

Då er låsen på naustdøra operativ igjen. Berre ås tikka og padla i finevêret, med andre ord :-)

torsdag 27. januar 2011

Minnar om føredrag på årsmøtet

Lidun Hareide, god ven av Havstril padleklubb, kjem på årsmøtet vårt og føredreg om padleturar.

Årsmøtet vert arrangert torsdag 3. februar 2011 kl 19:30 på Bekkjarvik gjestgiveri.

Mellom anna ferietur til det ho omtalar som paradis ved Seychellene. På denne turen var mellom andre havstrilmedlem Eivind Møgster med. Her er ei rekkje flotte bilete som Lidun kjem til å visa oss:



tirsdag 25. januar 2011

Sveholmen: Lita åtvaring

Fint padlevêr om dagen, men skal du nytta kajakkane i naustet bør du ta med deg låsolje til hengelåsen, då låsmekanismen er korrodert fast. Leiaren tek med seg remediar i slutten av veka for å moa opp, men skal nokon ut der dei fyrste dagane for å padla, krevst det nok litt olje og kanskje antikorrosjonsvæske.

søndag 9. januar 2011

Årsmelding 2010

Årsmeldinga er lagt ut under referat
http://www.havstrilpadleklubb.no/html/aarsmelding10.htm