mandag 10. juni 2013

Heimesida er under omarbeiding

Heimesida skal under kniven og redesignast. Me viser til klubben si Facebook-side for informasjon om klubbaktivitetar. Spørsmål om kurs kan rettast til info@havstrilpadleklubb.no eller per SMS til 988 74 253.

fredag 17. mai 2013

Padling på sundag

For dei som ikkje er på Facebook, kan me opplysa om at det vert sundagstur 19. mai kl 10:30 frå Sveholmen. Bli med! Bli med!

torsdag 25. april 2013

Dugnad i kveld

Havstril held dugnad i staden for torsdagspadling i kveld torsdag 25. april kl 19:00. Møt opp!
Det vert ikkje dugnad/strandryddedag laurdag grunna liten respons frå medlemmane!

Seniorkontigentane sendt ut

Kontigentane for medlemmar som ikkje er ungdommar eller registrerte som studentar vart sendt ut i dag. Om du ikkje ynskjer å halda fram som medlem i Havstril padleklubb, gjev du melding per e-post til info@havstrilpadleklubb.no innan 20. mai 2013.

Ungdommen og studentane får tilsendt kontigent separat seinare, med eigen forfallsdato.

onsdag 10. april 2013

Fyrste torsdagspadling

11. april: Oppmøte Sveholmen kl 18:30. Me padlar avstad ... endeleg!

torsdag 21. mars 2013

Skifte av tak på klubbhus i gang

Taket på klubbhuset vårt er i ferd med å verta skifta. Dette var eit viktig ledd for oss i samband med å overta bygget no i vår. Det kjem eige sak om dette på årsmøtet etter påske.

Det er Bergen og omland friluftsråd som eig bygget, og me får etter alt å dømma bruksrett i 40 år. Ei god avtale.

lørdag 16. mars 2013

Frivillig på Havfest?

Lyst å gjera ein innsats som vakt på Havfest? Klubben tener 1 500 kroner per vakt, så dette er eit høve å støtta både Havfest med å vera vakt og padleklubben som kan få godtgjeringa. Meld frå på SMS til Trond 988 74 253 om du er villig til dette. Festivalen går av stabelen 1. juni i år.

fredag 8. mars 2013

Årsmelding '12


Havstrilstyret bestod i 2012 av Trond Hagenes (leiar), Eivind Møgster (nestleiar), Ingunn Berge Vik (medlem) og Geir Bergflødt (medlem). Det vart avheldt eitt styremeøte, men var elles hypping kontakt innad i styret, spesielt med tanke på UNG-satsinga vår.

Ved årets utgang var det 116 betalande medlemmar, blant dei 25 i gruppa mellom 12 og 19 år. 49 av medlemmaner var jenter/kvinner, og derav finn me at 67 er gutar/menn. 2012 vart dermed det fyrste året i padleklubbens korte historie med nedgang i medlemstalet, noko som likevel vart kompensert med auka aktivitet på fleire felt.

Med tre aktive aktivitetsleiarar og ein aktiv turleiar i klubben, opna dette høvet for fleire organsierte tiltak på sjøen. I eit par veker betydde det både kurs, ungpadling og vanleg torsdagspadling.

Klubben gjennomførte ei monaleg auke i aktivitetar for ungdommen. På sommartid og utover til tidleg haust, var det relativt mange høve å vera med i kajakken. I tillegg hadde me ein dag med rullekurs i bassenget på Eidsbøen på seinsommaren. Det vart arrangert eitt grunnkurs UNG på tidleg sommarstid.

For dei vaksne vart det heldt fire introkurs, totalt tok 36 menneske desse kursa. Som året i førevegen nytta flesteparten høvet til å verta medlemmar for berre 100-lappen ekstra. I november kom padlelegenda Nigel Dennis til Austevoll, saman med Aila Wilkinson og Ashley Williams. Dette kurset var meint fyrst og fremst som eit kompetansefremjande tiltak for havstrilar som hadde gjennomført minst teknikkurs.

Klubbturane på torsdagane vart bra besøkte i 2012, med 14 padlande som rekord, då me gjekk ut frå Vasseidet seint på sommaren. Det vart mykje bra torsdagsvêr dette året, og særs få padlingar vart avlyste grunna vêrtilhøva.

På materiellsida vart det kjøpt inn ein ny kajakk, ein NDK Romany Surf. Elles prioriterte me
innkjøp av tørrdrakter for ungdommen, noko som er ein relativt kapitalintensiv affære. Me kjøpte inn ein nye padle-DVD, som du kan finna på folkebiblioteket. Havstril sponsar òg magasinet Padling til biblioteket.

Klubben mottok særs avgjerande økonomisk støtte frå Austevoll kommune, Austevoll kraftlag, Lions Club Austevoll og North Sea Shipping. I tillegg melde Møgster Management at dei vidarefører avtala med klubben, noko som gjev budsjettmessig utslag annakvart år.

Havstril har òg lagt ut ei rekkje geocachar på padlevenlege destinasjonar i Austevoll, blant dei sjølvsagt på Sveholmen. Sjekk ut geocaching.no for meir informasjon om denne flotte friluftsaktivieten.

Facebook er den fremste måten me kommuniserer med medlemmane våre, og det er garantert lurt å bli medlem i Havstril-gruppa der. Elles nyttar me heimesida www.havstrilpadleklubb.no for informasjon til medlemmane våre.

Valkomité for 2013 er Renate Møgster Klepsvik  og Rune Hevrøy

Havstrilstyret, februar 2013

lørdag 2. mars 2013

Årsmøte

Årsmøtet vert i år såpass seint som 4. april. Dette er fyrste torsdag etter påaskeferien, og møtet går av stabelen frå klokka 19:30 på Austevoll kraftlag. Saksliste kjem.

mandag 18. februar 2013

Teknikkurs 8.-9. juni 2013

Havstril tilbyr medlemmane sine teknikkurs. Instruktør er Kim Ivar Røkke frå Haugesund KK.

Kurset varar 16 timar, og kostar 2 000,- kroner.

Meir info om innhald i kurset finn du på denne lenken:
http://www.padling.no/grener/Havpadling/kurs/Sider/Teknikkurs.aspx


Det er stor interesse for kurset, så påmelding kan gjerast snarast på SMS 988 74 253 eller e-post info@havstrilpadleklubb.no

 

mandag 21. januar 2013

Flotte sjøkart til sals!

Det ultimate padlekart til sals! Dobbeltsidig, FLYTANDE og vassbestanding sjøkart med nytting topografisk informasjon i 1:30.000.

EK 048 Marstein - Storebø
EK 046 Bekkjarviksundet - Fugløyna


Per stk kr 175 til havstrilmedlemmar (full utsalspris er 250,-)

Ta kontakt med padleklubben på info@havstrilpadleklubb.no eller på SMS 988 74 253.

torsdag 3. januar 2013

10 000 frå kraftlaget

Havstril pk er tilgodesett med heile 10 000 kroner frå Austevoll kraftlag. Pengane vert nytta til tiltak retta spesielt mot ungdomssatsinga vår. Me takkar for støtta!