onsdag 27. juni 2012

Frå Sveholmen torsdag

Me padlar klokka 19 frå den vanlege staden. Meld frå på 988 74 253 om du vil vera med. Hadde opphaveleg planar om Vestre Vinnesvåg, men det vert for mykej logistikk denne veka.

fredag 22. juni 2012

Aktiv veke

Denne veka har Havstril arrangert både UNGpadling (bilete) og introkurs for åtte noko eldre medlemmar.

tirsdag 19. juni 2012

Klubbaktivitet veke 25

Denne veka satsar Havstril ikkje på ordinær torsdagspadling. I staden vert det UNG-padling torsdag 21. juni - sjå eiga lukka Facebookgruppe for meir info(Ungpadling i Austevoll). Me kjører òg introkurs tysdagen for nye medlemmar.

Alt klubbutstyr er reservert tysdag, medan det truleg vert noko ledig utstyr på torsdagen, for den som dukkar opp etter klokka 18 for å padla for seg sjølv.

mandag 18. juni 2012

Utstyr reservert

Alt havstrilutstyr er reservert tysdag 19: juni frå klokka 18:00 og utover kvelden.

søndag 10. juni 2012

Klubbpadling TYSDAG

Skiftar dag på klubbpadlinga til tysdag, grunna torsdagens kommunestyremøte. Send ein SMS om du blir med på 988 74 253. Hugs atdesse padlingane er kos og er rekna for alle dugleiksnivå. Og veret? Fint, sjølvsagt.

Lukka Facebook-gruppe for UNG-padling

Me har laga ei lukka Facebook-gruppe for ungpadlarar, foreldre og aktivitetsleiarar i Havstril. Søk på gruppa UNG padling i Austevoll, og søk om å få bli med.

fredag 8. juni 2012


Flott klubbpadling igår. Turen gjekk langs nordsida av Storakalsøy, der me fekk leika litt i draget. Tre karar vart nok litt slitne på vegen, og måtte tauast inn av aktivitetsleiar Renate:-) Ein veldig kjekk tur, med mykje moro!

torsdag 7. juni 2012

Ny UNG-padling

Sjekk FB for meir tekst om gårsdagens UNG-padling, der ein av dei unge tok over rolla som instruktør ;-)

tirsdag 5. juni 2012

Glimt frå UNG-padling

Mykje moro ved Kolbeinsvik førre torsdag, kan Eivind melda. Sjå på Facebook-gruppa vår om du vil lea meir (hyperlenken fungerer ikkje frå denne sida til FB) ...

Torsdagspadling frå Sveholmen

Me padlar ut frå holmen vår om lag klokka 19. Turen får i kjende farvatn. Meld frpå på sms 988 74 253 til Trond om du vil vera med (og ikkje allereie har meldt deg på via Facebook-sida vår).

mandag 4. juni 2012

Utstyr reservert

Onsdag 6. juni vert utstyr reservert til bruk på UNGpadling mellom klokka 18:00 og ca kl 20:30.