torsdag 30. juni 2011

torsdag 23. juni 2011

Austevoll i Sunnhordland-bilag






































Det står å lesa om padling i Austevoll i Sunnhordlands reiselivsbilag, utgitt i førre veke. Tilfeldigvis ført i pennen av padleklubbens leiar, då iført frilansar-hatten sin.

Litlakalsøy (og Møkster?) på sundag

Oppmøte Nordrevågen, Selbjørn klokka 10:30 - ta med lett grillmat og noko å drikka. Veldig moderat sørleg vind til å byrja med - litt meir på vegen heimatt, ser det ut til frå meldingane. Delvis skya, står det i meldingane. Ved spørsmål kontakt Trond Hagenes 988 74 253.

mandag 20. juni 2011

North Shore-tilbod frå Ytst Ute

Tilbod gjeldande fram til 5. juli frå Ytst Ute på North Shore kajakkar:
North Shore Atlantic platikk Kr 10.000,-
North Shore Atlantic plastikk LV Kr 9.000,-
North Shore glasfiber - alle modellar - Kr 20.000,-

Gode kajakkar, spesielt Polar HV (Gamle Buccaneer) er ein klassikar...

søndag 19. juni 2011

Ingen torsdagspadling grunna St. Hans

Det kan derimot vera at me kjem attende med ein sundagspadling - frå kl.11 til ca 15. Me kjem attende med info på slutten av arbeidsveka.

fredag 17. juni 2011

Fin tur, torsdag òg

Seks padlarar, fire havstrilar og to havstrilar in-spe, padla torsdagen. I den næraste framtida nedprioritererer me å skriva om torsdagspadlingane, men padla gjer me likevel. Følg med på bloggen om kvar turane går frå, eller bli medlem i havstril-gruppa på Facebook og får direkte invitasjon.

torsdag 16. juni 2011

Sjuandeklasse besøkte Sveholmen


Sjuandeklassingane ved Storebø skule fekk kost seg i kajakk ved Sveholmen i dag. Me hadde så og seia heile flåten på vatnet, og klassen på 20, delte seg i to. Halvdelen fekk verta i kajakken, medan resten utforska laguna ute på holmen. Etterpå bytta gruppene, og fekk til og med tid til ein liten matbit.

onsdag 15. juni 2011

Sveholmen, torsdag kl 19

Det vert padling torsdag kl 19 frå Sveholmen. Møt opp! Spørsmål kan rettast til Trond 988 74 253.

fredag 10. juni 2011

Fellestinging frå Wales

Ny tørrdrakt, vest eller årer? Anna utsyr? Me dreg i gang ein fellestinging frå Up and Underi Cardiff, Wales. Sjekk ut denne sida for Palm-utstyr, og gje attendemelding til havstril@gmail.com innan fredag 17. juni viss du vil tinga noko utstyr. Prisane vil liggje på om lag 60 prosent av norsk nivå.

Werner si heimeside.

Nedetid sidan natt til tysdag

Havstril beklagar at nettsida vår har vore nede sidan natt til tysdag. Det er eit servarproblem som har vore årsaka til nedetida.

mandag 6. juni 2011

Straumpadlekurs med Lidun



Kjekt med straumkurs. Åtte kajakkar i Heimarkpollens strie straumar. Ny kompetanse med låge støttetak i stram boks, kanta dit straumen er på veg, og vips så vender baugen som på femøringen.

Me padla inn frå Rune Hugøy si bryggje, og då me kom fram, var det ikkje teikn til rørsle i hovdløpet ut frp Heimarkpollen. Difor padla me vidare til den vesle straumen på austsida av pollen, der det vart meir rørsle for kvar minutt. Til slutt kom det til og med statiske tidevassbylgjer i den vesle straumen, som kanskje var litt for liten til åtte kajakkar.

Slik var det derimot ikkje i den store straumen. Han var rett så heftig då me gjekk på land og studerte han. Her skulle me få nok å hengja padleårene i - i midten ved stanga, heldt han nok meir enn tre knop, medan det danna seg små bakevjer, straumvirvlar og såkalla soppar - straum der vatnet vert pressa rett opp - gjennom heile laupet.