fredag 28. oktober 2011

Alt Havstril-utstyr reservert helga 5. - 6. november

Me arrangerer Teknikkurs UNG for elleve av dei flinke ungdommane som har gått på kurs med Lidun og Eivind tidlagare i år. Helga 5. - 6. november vert alt utstyret reservert for dette kurset.

Anita Henriksen vert andre hovudansvarleg, saman med Lidun på dette kurset.

søndag 23. oktober 2011

Mange i hallen

Mange har allereie vore innom Havstril-standen i Austevollhallen i dag, snakka om padling, turopplevingar og drukke ein god slant kaffi. Messa er open til klokka 16, så det er berre å ta turen innom.

Me sel òg dei nye Havstril-piquéskjortene.

fredag 21. oktober 2011

Piqué-skjortene klare til hallen


Møt Havstril på fritidsmessa sundag - i Austevollhallen. Der har me stand og medlemmar kan få kjøt dei nye piqué-skjortene våre for berre 200 kroner stykk. Dei er av god kvalitet med brodert havstrillogo! Me har dei fleste storleikar både i dame- og herreutføring!

Har du lyst å stå litt på stand, er du sjølvsagt velkommen til det!

fredag 7. oktober 2011

Austevolling byggjer trekajakkar

I lokalavisa Marsteinen kan ein denne veka lesa om Arve Møgster som er godt i gang med å byggja sin tredje kajakk frå botnen av. Trykk på faksimilia for større versjon.

torsdag 6. oktober 2011

No har me kajakkhengjar!

Havstrilhengjaren :-)

No kan me langt lettare flytta padlingar bort frå Sveholmen til andre interessante stadar i Austevoll, der heile kajakkflåten kan bli med.

Takk til FosenNamsos, forresten, som let oss frakta hengjaren freå Krokeide til Hufthamar utan vederlag!

mandag 3. oktober 2011

Sjuandeklasse frå Kolbeinsvik på Sveholmen

Saman med aktivitetsleiarane Yngve Drønen Ringdal og Camilla Solbakken fekk sjuandeklassen frå Kolbeinsvik skule i dag innføring i havpadlesportens gleder på Sveholmen.