tirsdag 30. august 2011

Flinke UNG-deltakarar frå Havstril!



I helga holdt vi grunnkurs-UNG for andre gong i Havstril padleklubb for ni entusiastiske ungdommar. Ungdommane såg ut til å stortrivest i kajakkane frå første stund, og dei vart raskt flinke til å kontrollera båtane. Gjennom leik og moro utforska me manøvrering av kajakkane, kule svingar, balanse, bylgeleik og naturlegvis vart det ein del bading med påfølgjande eigenredning eller kameratredning. Kulingen på søndag lærte oss mykje om å snika seg langs land for å finna ly, men også kor fort ein kajakk driftar i vinden, spesielt om han er tom. Ungdommane har blitt verkeleg flinke, så no håpar me å få sjå fleire av foreldra på vatnet saman med dei.

Lidun Hareide

fredag 26. august 2011

Utstyr reservert

Alt utstyr på Sveholmen er reservert for UNG-padlekurs mellom kl 09:30 til 18:00 fyrstkomande laurdag og sundag.

Rekordpadling

Heile 13 havstrilar på tur i går - det er bestenotering på klubbtur. Me tok vegen til Bakkasund, Kalve - der geitene på holmane utanfor faktisk kom opp på dekket til K2-en "Eldjarnet" og helste på unge Ingelina og pappa Rune. Ein flott tur på ti kilometer vart unnagjort på litt over to timer padling.

tirsdag 23. august 2011

Ledige plassar på Grunnkurs UNG

Me har tre ledige plassar på Grunnkurs UNG til helgja. Det er berre å hiva seg på for dei som er mellom 12 og 16 år - påmelding via SMS på 988 74 253 (Trond Hagenes).

Sveholmen - Skårøyane

Torsdag, oppmøte litt før 19. Me padlar i retning Skårøyane, og ser kor langt me kjem. Spørsmål kan rettast til Trond Hagenes 988 74 253.

fredag 19. august 2011

Drøno rundt, pluss gamle "Solnes"

Fem havstrilar på tur. Flott vêr, nok av bylgjer vestom Drøno, fine forhold inne i Drønspollen. Turen vart avslutta med Svipptur til vraket av ganle "Solnes" som enno ligg i vika nordvest på Rostøy.

Noko utstyr reservert

Utstyr er reservert for teknikkurs på laurdag 20. og sundag 21. Men ikkje alt er i bruk. Etter kl 10:30 kvar dag, kan dei som vil padla for seg sjølv henta og bruka ledig utstyr.

fredag 12. august 2011

Temmeleg stor aktivitet

Me har hatt ein god del aktivitet den siste tida - mellom anna var det åtte padlarar på tur i førre veke, fleire små grunnkursseansar med dei som skal på teknikkurs med Morten Nyborg neste helg, og i går var det introkurs for heile ti padlarar på Sveholmen.

torsdag 11. august 2011

Ingen torsdagspadling

Det vert ingen torsdagspadling i dag, og alt utstyr er reservert frå kl 18:30 - 23:00, torsdag 11. august.

onsdag 3. august 2011

Open ungdomspadling

I utgangspunktet var torsdagen øyremerkt ungdommar, men grunna relativt få attendemeldingar, opnar me padlinga for alle. Det vert likevel ein relativt kort tur langs kyststripa med teknikkfokus. Oppmøte litt før kl 19, Sveholmen.