mandag 6. juni 2011

Straumpadlekurs med Lidun



Kjekt med straumkurs. Åtte kajakkar i Heimarkpollens strie straumar. Ny kompetanse med låge støttetak i stram boks, kanta dit straumen er på veg, og vips så vender baugen som på femøringen.

Me padla inn frå Rune Hugøy si bryggje, og då me kom fram, var det ikkje teikn til rørsle i hovdløpet ut frp Heimarkpollen. Difor padla me vidare til den vesle straumen på austsida av pollen, der det vart meir rørsle for kvar minutt. Til slutt kom det til og med statiske tidevassbylgjer i den vesle straumen, som kanskje var litt for liten til åtte kajakkar.

Slik var det derimot ikkje i den store straumen. Han var rett så heftig då me gjekk på land og studerte han. Her skulle me få nok å hengja padleårene i - i midten ved stanga, heldt han nok meir enn tre knop, medan det danna seg små bakevjer, straumvirvlar og såkalla soppar - straum der vatnet vert pressa rett opp - gjennom heile laupet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar